
Annbjørg og Stian vert fotografert av Norsk Tipping. Foto: Bodil Ryste
Annbjørg er ein av 12 kretsvinnarar, og juryen for Årets ildsjel vil seinare plukke ut tre finalistar blant desse. Kven som vert den endelege vinnaren, får vi vite på Idrettsgallaen laurdag 10. januar 2026.
Nominasjonen av Annbjørg:
Annbjørg Sunnarvik har sidan 1986 vore ein uunnverleg del av friidrettsmiljøet i Florø Turn og Idrettsforening. Ho har teke trenarkurs, dommarkurs og utdanning som idrettsmassør, og har gjennom snart 40 år vore trenar, støttespelar og samlingspunkt for barn og unge i klubben. Dette har ho gjort i tillegg til familieliv og sin jobb som hjelpepleiar.
Annbjørg er den som alltid møter først og går sist, som gjer klar utstyr, ryddar opp, og sørgjer for at alle kjenner seg velkomne. Ho heiar på alle – både eigne utøvarar og dei frå andre klubbar. Ho er alltid der med eit oppmuntrande ord, ei hjelpande hand eller ein nysteikt vaffel. Ho er rettferdig og tydeleg, men alltid varm og inkluderande.
Ho har hatt styreverv i friidrettskrinsen og sit framleis i styret i friidrettsgruppa i Florø. Ho har i alle år bidrege som arrangør og dommar på alt frå Donald-leikane til Lerøy-leikane og Trond Mohn Games. Ho er framleis aktiv, og stiller på stevner som organisator, trenar, eller på kjøkkenet om det er behov.

Styreleiar i friidrettsgruppa i Florø Turn og Idrettsforening, Jan Henrik Nygård, saman med Annbjørg. Foto: Bodil Ryste
I tillegg til den enorme innsatsen for klubben har Annbjørg òg vore tett på barnebarnet sitt, Erlend Grytten Sunnarvik, som hoppar tresteg og lengde. Erlend blei nyleg tatt ut på det norske juniorlandslaget U20 og deltok under European Youth Olympic Festival 2025 (EYOF) i Skopje. At Annbjørg har bidrege til å utvikle ein utøvar til internasjonalt nivå – samtidig som ho ivaretek mange andre – viser breidda i hennar innsats.
Annbjørg Sunnarvik har brukt store delar av livet sitt på å løfte andre – utan å krevje noko att. Ho er eit førebilete på ekte idrettsglede og frivillig engasjement, og ein særs verdig kandidat til årets eldsjelpris.
Vestland idrettskrets gratulerer Annbjørg Sunnarvik og Florø Turn og Idrettsforening med prisen og som semifinalist i Årets Eldsjel.