Kva er Aktivitetsguidar på tvers?
Det herskar liten tvil om at deltaking i idrett er bra! Forsking viser at det gjev positive gevinstar for både individ og samfunn. Likevel er det nokre grupper barn og unge som ikkje deltek i same grad som sine jamnaldrande. Ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei møter på barrierar som gjer idrettsdeltaking vanskeleg. Heldigvis har fleire kloke hovud kome opp med ideen om ein Aktivitetsguide.
Ein Aktivitetsguide er ein person som støttar barn og unge med ulike behov inn i organisert idrettsaktivitet. Forenkla kan «Aktivitetsguide»-modellen forklarast i fire trinn:
- Aktivitetsguiden blir kjent med barn/ungdom og familien, og kartlegg ønsker, behov og barrierar for idrettsdeltaking.
- Aktivitetsguiden finn aktuelle aktivitetar i nærområdet til barnet/ungdommen og tek kontakt med aktuelle idrettslag.
- Aktivitetsguiden hjelp barnet/ungdommen og familien med oversikt over moglegheiter for praktisk hjelp (t.d. transport) og økonomisk hjelp (t.d. kontingent og utstyr)
- Aktivitetsguide fylgjer barnet/ungdommen på trening 1-6 gonger, alt etter kva som trengs for at barnet/ungdommen skal bli trygg på treningsgruppa.
- Dersom det er behov og trenar ønskjer, kan aktivitetsguiden kome med tips og råd om korleis barnet/ungdommen på best mogleg måte kan fylgjast opp på trening.
Tre organisasjonar – eitt felles mål:
I Bergen finns det tre organisasjonar som nyttar Aktivitetsguidar – men i ulike former og retta mot ulike grupper av barn og unge:
- Idrettsrådet i Bergen sine Aktivitetsguidar rettar seg i hovudsak mot barn og unge som har økonomi som barriere.
- Vestland idrettskrets sine Aktivitetsguidar rettar seg i hovudsak mot barn og unge med innvandrarbakgrunn.
- Haukeland Universitetssjukehus sine Energikonsulentar rettar seg mot barn og unge som er eller har vore pasientar på sjukehuset.
(Pst! Energikonsulentar kom til som eit Idrettsklynge Vest-prosjekt)
Med midlane frå Sparebankstiftelsen SR-bank vil dei tre organisasjonane no samle krefter og utvikle ein felles modell for Aktivitetsguidar. Til dette arbeidet har ein fått med dyktige forskarar ved Høgskulen på Vestlandet. Målet er å lage ein modell som kan tilpassast og brukast over heile Noreg.
Kvifor ein felles modell?
Det er fleire grunnar til at ein har ønska å gå saman om å lage ein felles modell. Seksjonsleiar ved Energisenteret for barn og unge, Lars Peder Vatshelle Bovim forklarar:
«Det jo ikkje slik at eit barn eller ein ungdom nødvendigvis berre har ei barriere for å delta i fritidsaktivitetar – av og til kan det vere både helse og økonomi og språk – alt på ein gong. Og kva teneste er det då som er riktig for barnet? Mange av dei som henviser til oss synes det forståeleg nok er forvirrande med tre så like tenester. Og det er forvirrande for familiane også!»
Helene Fraas, rådgjevar inkludering Vestland idrettskrets, legg til:
«Våre tre organisasjonar og tenester har ulike styrkar og kompetansar. Ved å gå saman kan vi utnytte kvarandre til å skape eit tilbod som held endå høgare kvalitet for dei barna og ungdommane som treng det. Dette er styrke i samspel! Og kanskje lærer vi noko av samarbeidet som vi kan nytte i andre prosjekt og inn mot andre målgrupper?»
Prosjektet skal gå over tre år, og det er ikkje tvil om at dei tre organisasjonane ser fram til å kome i gang. Koordinator for Aktivitetsguide i Bergen Idrettsråd, Elizabeth Grongan, fortel:
Vi er ein fin gjeng med mykje erfaring og god kunnskap! Eg trur vi har mykje å lære av kvarandre, og eg trur at vi saman kan hjelpe fleire barn og ungdommar inn i gode, sosiale fellesskap. Eg ser fram til å starte på arbeidet!
Vi gleder oss til å følgje dette viktige arbeidet, og ønskjer lukke til med prosjektet!