foto: Per-Åge Eriksen
foto: Per-Åge Eriksen

Tilskot til sommarskule til 24 vestlandskommunar

Regjeringa har i samband med koronapandemien bevilga ekstra midlar til sommarskule for elevar i grunnskulen, og tilskotet skal bidra til at kommunane kan opprette nye sommarskuletilbod, eller utvide eksisterande tilbod, slik at elevar i grunnskulen får ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulen sin sommarferie i 2021.

I Vestland mottek følgande kommunar tilskot:

Alver, Askvoll, Askøy, Aurland, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Høyanger, Kvam, Kvinnherad, Luster, Lærdal, Sogndal, Stad, Stryn, Sunnfjord, Ullensvang, Ulvik, Voss, Øygarden og Årdal

Her kan du sjå ei landsoversikt over alle kommunane som har motteke tilskot og kva sum som er tildelt.

Frå Utdanningsdirektoratet heiter det at sommarskuletilbodet må tilpassast lokale forhold og kan vere ulikt frå kommune til kommune. Kommunen kan inngå samarbeid med til dømes idrettslag og andre lokale lag og foreiningar. Kommunane jobbar no med innhaldet i sommarskulane, og mange har oppretta dialog med lokale idrettslag og foreiningar i kommunen. Fleire, som til dømes Stad og Alver kommunar, søker i desse dagar etter medarrangørar til sommarskulen, og ser at ein sommarskule kan vere ein arena kor lag og foreiningar får moglegheit til å vise seg fram og auke rekrutteringa. I Bergen kommune har Etat for idrett og Etat for skule oppretta ei tilskotsordning der aktuelle aktørar kan søke om tilskot til å arrangere sommarskular, aktivitetar, kurs og ferietilbod.

Vi oppfordrar idrettslag eller idrettsråd som er interesserte i å vite meir om korleis kommunen planlegger å gjennomføre sommarskulen eller ønsker å bidra i gjennomføringa til å ta kontakt sin kommune.