Styret i Vestland idrettskrets. Foto: Janne Landås
Styret i Vestland idrettskrets. Foto: Janne Landås

Idretten i Vestland vil og skal klare seg gjennom krisa

Styret i Vestland idrettskrets har engasjert seg gjennom hele koronasituasjonen og ønsker å dele sine tanker. Les kronikken fra styret her.

Idretten i Vestland vil og skal klare seg gjennom krisa

Den organiserte idrettsaktiviteten slik vi kjenner den blei satt på vent frå mars 2020. Samfunnet opnar seg meir og meir for kvar veke, men Covid-19 pandemien pregar framleis kvardagens aktivitetar og idretten sterkt.

Styret i Vestland idrettskrets følgjer situasjonen tett. Våre over 1100 idrettslag med vel 240 000 medlem er råka. Konsekvensane er omfattande for aktivitet, organisasjon og økonomi i idrettslaga. Jobben som står føre for å behalde idrettslaget som ein kraftfull aktør i lokalsamfunnet er formidabel.

Idrett betyr mykje for mange i ulike aldrar. Idretten er til styrke for både fysisk og psykisk helse. Idretten er leik og kroppsleg glede. Idretten er møte mellom menneske, til opplevingar og vennskap, samspel og kappestrid. Utan organisert idrett, vil eit vesentleg grunnlag for det gode livet til borgarane i samfunnet vere borte.

Dei frivillige sin innsats betyr meir enn nokon gong. Idretten i Vestland har årleg nær 4000 frivillige årsverk, med ein verdi på̊ i overkant av 2 milliardar kroner. Vestland idrettskrets arbeider kontinuerleg for å styrke rammevilkåra for idrettslaga. Dette for at dei frivillige kan bruke mest mogleg tid på aktiviteten og ikkje slite seg fullstendig ut på å skaffe pengar til drift.

Sikring av gode rammevilkår for idretten gjennom politisk påverknadsarbeid har dei siste månadane hatt sterkt fokus i idrettskretsen. Vår nærmaste samarbeidspartnar i offentleg sektor er fylkeskommunen. Nasjonalt støttar vi opp om Norges idrettsforbund sitt arbeid overfor sentrale myndigheiter. I den enkelte kommune har idrettsråda som prioritert oppgåve å arbeide for best mogleg forhold for idretten. Det er eit mål å lage rom for dei tillitsvalde, slik at idrettsaktiviteten kan byggjast og utviklast når pandemien gradvis gjev slipp. Vestlandet sin organiserte idrett både vil og skal byggje seg opp att etter full stopp. Men mykje må gjerast.

Lojalitet, stoltheit og vilje til å byggje idrettslaga har heldigvis gode vilkår og støttespelarar lokalt. Vi håpar og trur at alle held fram med å støtte og hjelpe sine idrettslag. Våren 2020 er ikkje tidspunktet for å melde seg ut eller la vere å betale medlemsavgift på grunn av manglande aktivitet. Idrettslaga sine faste utgifter er ikkje mindre sjølv om aktiviteten er stoppa.

Kommunane gjev viktige bidrag knytt til drift av idrettsanlegg. Vestland idrettskrets oppmodar om å rette meir merksemd på idrettsrørsla. Kommunar må støtte sine idrettslag og vurdere korleis dei kan hjelpe idrettslaga gjennom krisa. Våre øvste myndigheiter må på same måte også meir på bana for å redde idretten. Ei velfungerande frivillig idrettsrørsle er avgjerande viktig for lokalsamfunn, for trivsel, helse og samfunnsøkonomi. Men det trengst ekstraordinære tiltak og verkemiddel på alle nivå. Er det rett tid til å krevje halleige og eigedomsskatt? Bør ikkje 2020 heller vere eit unntaks år? Eit slikt tiltak vil vere ei handsrekning som treff idrettslaga sin aktivitet direkte. Bergen kommune sitt vedtak om å styrke allereie etablerte støtteordningar for idrettslaga er eit godt eksempel på korleis det offentlege kan bistå i ein vanskeleg situasjon. Slik kan idretten ikkje berre overleve pandemien, men også i framtida gi sitt viktige samfunnsbidrag.

Ei aktiv befolkning på Vestlandet er avgjerande for folkehelsa. Den frivillige organiserte idretten byggjer gode og aktive lokalsamfunn. Vestland idrettskrets gjer alt som står i vår makt for å sikre at alle i Vestland fylke skal ha eit fullverdig idretts- og aktivitetstilbod når krisa vi står i er over. Vi vil og skal få det til, saman med dykk!

KRETSSTYRET