Saman med eksterne fagressursar med kompetanse på området prøvar vi å hjelpe trenarane og idrettslaget til ein betre kvardag. Vi samarbeider med fagpersonar som har ekstra kompetanse på barn og unge si utvikling og korleis vi kan møte barn som utfordrar, og vi kan bistå med kompetansehevande tiltak som workshop for trenarane og andre støttepersonar i idrettslaget.
Ta kontakt med oss, så startar vi med eit formøte der vi går gjennom aktuelle utfordringar, avdekkar behov og legg ein plan.
Eit opplegg kan sjå slik ut:
- formøte med idrettslaget (avdekke behov, planlegging av tiltak)
- workshop(s) med trenarar/lagleiarar/ev.andre
- observasjon av treningsøkt
- workshop(s) med trenarar/lagleiarar/ev.andre
- evaluering saman med idrettslaget
Her kan du lese om då vi var hos Kalandseid IL. Du kan også finne nyttig informasjon frå samarbeid med Idrettsklynge Vest og møteplassen Knutepunktet utarbeidd nettressursen www.tryggeutovere.no