Straumsmarte idrettsanlegg

Vestland idrettskrets vart i 2024 tildelt 5 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet Straumsmarte idrettsanlegg. Det er Vestland idrettskrets som handterer og forvaltar ordninga, som gjeld anlegg innanfor det geografiske området Sogn og Fjordane.


Føremål
Målet med prosjektet er å redusere energibruken og driftskostnadane på:

  • idrettslagseigde idrettsanlegg, og
  • kommunale anlegg med tydeleg idrettsfunksjon, der idrettslag har ansvar for drifta.

Straumbesparingstiltak som skifte til moderne og energieffektiv idrettsbelysning er ein sentral del av ordninga. Dette er eit viktig bidrag til det grøne skiftet i idretten og til måla i berekraftsstrategien for idretten i Vestland fylke.

Spelemidlar og krav til søknad
Overskot frå Norsk Tipping blir fordelt som spelemidlar til utbygging og rehabilitering av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er mogleg å søkje spelemidlar både til innandørs og utandørs belysning, dersom anlegget er over 10 år gammalt.

Ein føresetnad for å motta støtte frå «Straumsmarte idrettsanlegg» er at det også vert søkt spelemidlar til tiltaket. Spelemiddelsøknad skal sendast via kommunen, og fristen varierer frå kommune til kommune – men er som regel i starten av oktober. Ta kontakt med kommunen din i god tid for informasjon om lokale fristar og krav.

Søknadsfrist og svar
Eventuell støtte frå Straumsmarte idrettsanlegg kjem i tillegg til spelemidlane, og kan vere ein del av finansieringsplanen i spelemiddelsøknaden.

  • Søknadsfrist for ordninga i 2025: 1. oktober 2025
  • Svar på søknad: Seinast 15. januar 2026

Har du spørsmål eller treng rettleiing?
Vestland idrettskrets kan gi hjelp i søknadsprosessen og svare på spørsmål knytt til ordninga

Faktaboks Straumsmarte idrettsanlegg.png

 

Alle idrettslag som er medlemmer i Norges idrettsforbund som eig anlegg med eksisterande spelemiddelfinasiert lysanlegg der ein kan søkje spelemidlar til rehabilitering, kan søkje støtte. Kommunar kan søkje på anlegg med tydeleg idrettsfunksjon, der idrettslag har ansvar for drifta.

Det er ein føresetnad for å få støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" at anlegget er kvalifisert for og søkjer spelemidlar innanfor dei kategoriane som gjeld for utandørs og innandørs lysanlegg i spelemiddelordninga, fastsett av kulturdepartementet.

For å kunne søkje spelemidlar til må lysanlegget vere eldre enn 10 år og det må utarbeidast tilstandsraport for det gamle anlegget iht. krava som gjeld i spelemiddelordninga.

Ordninga er open for idrettslag i Sogn og Fjordane, men det vert arbeidd med mål om å få etablert ei ordning for heile Vestland.



 

"Straumsmarte idrettsanlegg" gjev støtte til å skifte ut halogenlysarmatur eller andre eldre lysarmaturtypar til nytt ledlysarmatur med styringar på idrettslagseigde anlegg som søkjer spelemidlar til skifte av lysanlegg.

I kostnadsoverslaget som er grunnlag for søknaden kan ein ta med nødvendig innkjøp av armatur og styringar samt kostnaden med sjølve installasjonen.

Nye anlegg eller anlegg som alt har skifta til ledlys kan ikkje søkje støtte frå ordninga. Det vert ikkje gjeve støtte til installasjon av brukt utstyr.

Lager, klubbhus og garderobar er ikkje omfatta av støtteordninga.

Har du spørsmål om ordninga er det berre å ta kontakt med Vestland idrettskrets.

Det er ein føresetnad for å motta støtte at det er utarbeidd ein spelemiddelsøknad eller at ein er i prosess med spelemiddelsøknad for skifte av lysanlegg. 

For å kunne søkje støtte må det beskrivast i søknaden kva ein har av årleg energiforbruk i kilowattimar før og etter ombygginga av lysanlegget.

Maksimal støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" er avgrensa til inntil 25 % av godkjendt kostnad i spelemiddelsøknad. Maksimal støtte frå ordninga er avgrensa til kr 500 000 pr. tiltak.

Dersom søknadssummen i ordninga totalt er høgare enn den økonomiske ramma ein har, vil ein kunne få ein lågare prosentvis tildelingssats for det enkelte tiltaket. 

Når Vestland idrettskrets har vedteke tildeling vil søkjar få eit tildelingsbrev som kan nyttast som vedlegg i finansieringsplan i spelemiddelsøknaden.  

Ved å laste ned exelfil under kan du berekne maksimal støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" samt andel spelemidlar forutsett godkjendt spelemiddelsøknad. 

Dersom søknadsmassen er større enn dei økonomiske rammene ein disponerer vil ein kunne få ein lågare støttesats enn det som kjem fram i kalkulatoren.

Støttekalkulator inkludert visning av støtte frå gjeldande spelemiddelsatsar i exel kan du laste ned her

  • Søknadsfrist for ordninga i 2025: 1. oktober 2025
  • Svar på søknad: Seinast 15. januar 2026


Dersom det er behov for dokumentasjon på tildeling av midlar i samband med finansieringsplan i spelemiddelsøknad vil søkjar kunne be om å få eit eige  tildelingsbrev som ein kan nytte som vedlegg i slik søknad. 

 

 

Når ein har fått tildelt støtte frå "Straumsmarte idrettsanlegg" og arbeid med skifte av lys er i gang, kan ein etter utbetalingsanmodning få inntil 80 % av tildelt beløp som forskotsutbetaling ved oppstart av utskiftinga av armatur.

Resterande beløp vert utbetalt når sluttrekneskap for spelemiddelsøknaden for prosjektet er godkjendt av fylkeskommunen. Godkjendt kostnad i sluttgodkjenninga på spelemidlar vert grunnlag for siste del av utbetaling av støtte frå ordninga. Det er ikkje eit krav at spelemidlane må vere utbetalte for å få ut restbeløpet på 20% av søknadssum.

Før sluttutbetaling frå "Straumsmarte idrettsanlegg" må søkjar sende inn sluttrekneskap for spelemidlar samt utbetalingsanmodning. Tiltaket treng ikkje å ha fått utbetalt spelemidlane før utbetaling, men prosjektet må vere fullført og prosjektrekneskapet godkjendt for spelemiddelutbetaling.

Ein må pårekne normal saksbehandlingstid før utbetaling etter innsendt dokumentasjon. 

Får reduserte utgifter til straum - Sparebank1.no (28. januar 2025)
Gjennom pengegåve til Vestland Idrettskrets har fleire idrettslag no fått økonomisk støtte til å etablere straumsmarte lysanlegg.

Bidragsytar

logo-sparebankstiftinga-liggande-2.png

Ronny Lockert
Ronny Lockert
Seniorrådgiver anlegg