Tingforsamlinga består av representantar frå idrettsråd og særidrettar (særkrets/region/forbund) med likt antal representantar frå dei to gruppene, samt idrettskretsstyret.
Valkomiteen er i gang med arbeidet sitt for å finne fram til gode kandidatar til å ta på seg sentrale verv i idrettskretsen for perioden 2026-2028. For å lukkast er vi avhengige av innspel på kandidatar frå organisasjonen.
Saksdokment til idrettskretstinget 18.04.2026 vil bli lagt ut på denne sida seinest 18.03.2026.
Viktig informasjon:
Idrettskretstinget blir gjennomført i eit berekraftsperspektiv.
✓ Vi oppmodar til at det ikkje blir produsert fysiske saksdokument, då alt er tilgjengeleg via heimesidene til idrettskretsen
✓ Vi ber om at eigen PC/nettbrett blir teke med til kretstinget.
✓ Dersom nokon ønskjer å få sakspapir skrivne ut til kretstinget, må dette bestillast på førehand, med overlevering på Scandic City Bergen.