66MKS0311.jpg

Vi skal ha plass til alle

«Idrettsglede for alle» er norsk idretts felles motto. I året som no nesten er over har dette vore eit meir omfattande og utfordrande mål enn på svært lenge. Og det har blitt svært klart for dei fleste av oss at idretten har utfordringar nok, både innanfrå men ikkje minst utanfrå. Vi møter utfordringar som rett og slett gjer at vi slit med å skulle utføre samfunnsoppdraget vårt så godt som vi alle ynskjer.

2023 skulle vere året då alt blomstra etter covid-pandemien. For nokre vart det slik, men for veldig mange vart dette eit år med store utfordringar når det gjeld økonomi både for kvar enkelt og ikkje minst for idrettslaga. Det har og synleggjort at det ikkje lenger er ei sjølvfølge at flokken frivillige heile tida er klare til å løyse alt.

Kostnadsauken i samfunnet generelt har treffe idretten hardt. Anleggskostnadane auka, driftskostnadane auka, og ikkje minst har mange av våre medlemmer fått merke ein kvardag med litt mindre å rutte med. Vi har ikkje alle råd til alt.

I den nye kvardagen 2023 har gitt mange av oss er det viktig at vi innan idrettens organisasjon heile tida har rett fokus. Hovudmålet til norsk idrett «Idrettsglede for alle» set krav til oss – og det set krav til at vi både som organisasjon og som enkeltindivid må tenkje ekstra godt på dei val vi tek. Kva kan vi gjere for å inkludere alle på våre aktivitetar.

Eg er stolt av det arbeidet idretten i Møre og Romsdal gjer på dette området. Vi har bak oss eit år med svært stor aktivitet på alle områder. Vi i Møre og Romsdal Idrettskrets er svært glade for at vi har fått i gang Superleker for barn og unge med ekstra utfordringar. Fleire slike arrangement kjem.

Vi er veldig glade for at dei ulike særidrettane jobbar godt med å tilpasse aktivitetar til både berekraftmåla og den nye økonomiske kvardagane medlemmane lever i. Og ikkje minst, vi er glade for at vi for tredje år på rad no i førjulstida fekk full momskompensasjon for idrettslagsdrift.

Men vi har gedigne utfordringar i året som kjem. For å kunne gi våre barn og unge eit godt idrettstilbod må det eit kraftig anleggsløft til. Og det er det offentlege som må ta tyngste taket. Sjølve grunnlaget for aktivitet er anlegg. Her må vi som idrettsleiarar vere tydelege på kva vi forventar av våre politikarar, både lokalt og regionalt. Dette er ikkje tida for kvileskjer i anleggsbygginga.

Vi idrettsleiarar er opptekne av berekraft. Sosial berekraft er noko at det aller viktigaste i våre lokalsamfunn. Her leverer vi kvar dag.

Men vi ser og utfordringar innan andre områder. Siste året har fokuset på utskifting av gummigranulat frå kunstgrasbaner blitt kraftig fokusert. Og la det vere heilt klart. Idretten ynskjer miljømessig best mogleg anlegg. Men kostnaden for denne enorme jobben kan ikkje veltast over på foreldre og dei frivillige. Dette er ei rekning som høyrer heime i storsamfunnet. Ansvaret for å utarbeide planar og teknologiske løysingar må og plasserast hos dei ansvarleg styresmaktene.

I ei årsoppsummering for arbeidet i Møre og Romsdal Idrettskrets er det først og fremst stoltheit og glede som merker seg ut. Stoltheit over alle dei tusentals frivillige som kvar dag gjer vårt fylke til ein betre plass å bu. Glede over alle dei barn og unge som kvar dag får oppleve meistring, fellesskap og glede – takka vere nettopp frivillige mødre og fedre som ser kor viktig det er å delta.

Takk til dykk alle. Håper inderleg vi ser alle igjen i 2024.

Helsing

Kåre Sæter
Leiar Møre og Romsdal Idrettskrets