IK tinget

Resolusjon fra idrettskretstinget 2022

Idretten treng anleggshjelp!

Idretten i Møre og Romsdal har to vanskeleg år bak seg. Korona-pandemien har gjort drift av idrettslag svært arbeidskrevande og har og vore utfordrande på arbeidsformer og aktivitet. Dette har fått store konsekvensar på mange områder. Blant anna ser det ut til at anleggsbygging og utvikling av idrettsanlegg har stoppa litt opp.

Konkret ser vi at søknadar om spelemidlar til anlegg for første gong på svært lenge har gått ned. Dette skuldast ikkje at idretten i fylket er godt dekt med anlegg, men at idretten har vore så pressa at ein ikkje har makta å utarbeide planar for anleggsbygging.

Dette er alvorleg. Idrettsanlegg er sjølve grunnlaget for å oppfylle idrettens fremste visjon, Idrettsglede for alle. Utan anlegg har ikkje barn, unge og vaksne nokon møteplass for å utvikle den idretten som bygg lokalsamfunna saman.

Idretten i Møre og Romsdal skil seg vesentleg frå resten av landet med at i vårt fylke er det idrettslaga som har teke hovedansvaret og hovedkostnaden både med utbygging og drift av anlegg. Dette slit vi no med å makte.

Kretstinget i Møre og Romsdal Idrettskrets ber difor både Møre og Romsdal Fylkeskommune og dei 26 kommunene i fylket om å ta eit ekstra ansvar for idrettsanlegg dei kommande åra. Dette gjeld både å vere aktiv medspelar for å utvikle og bygge nye og varierte anlegg, men og vere med å hjelpe idrettslag som eig anlegg i dag. Tilskot til drift, oppgradering og vedlikehald av allereie eksisterande anlegg av avgjerande for at idrettslaga framover skal kunne fylle den samfunnsrolla vi alle ynskjer dei i.