14.png

La oss heie på kvarandre

Les julehelsinga frå styreleiaren i idrettskretsen her.

Julefri? Det er ikkje noko som høyrer idretten til. Sjølv om vi no går inn i ei høgtid og mange har fridagar, så blomstrar idretten. Nettopp dette med å vere ein viktig aktivitet for heile familien, alle dagar, er kanskje det aller viktigaste vi i  idretten har saman. Om det ikkje er konkurransar, kamper og resultatlister, så fyller idrettslaga og alle dei frivillige ei minst like viktig rolle med å skape aktivitet i alle lokalsamfunn. Du verden kor mange som i desse juletidene bruker mange timar på å legge til rette som skigåing, leik og moro.

Og det er nettopp alle dokke eg i dag vil seie ei ekstra takk til. Den innsatsen dei frivillige i Møre og Romsdal legg ned kvar dag kan ikkje målast i nokon kjent målestokk. Det er dette som gjer alle våre lokalsamfunn til god plassar å vekse opp, bli vaksne i og bli gamle i. Min oppfordring til alle idrettslag er derfor: Vis at dokke ser dei frivillige. Gi nokre gode ord, sei at vi som idrettsbevegelse er avhengige av dei, ja våre lokalsamfunn er avhengige av desse som tek ansvar for litt meir enn sitt eige.

2022 har vist oss at vegen tilbake frå pandemien var lang. Nye tider har gitt nye vaner. Og det skal ikkje mange fråfall frå frivillige til før idrettstilbodet vert svekka. Og svekke idrett er svekka oppvekstmiljø. Det er alvorleg.

Vi som er tillitsvalte innan idretten har brukt mykje tid på å betre rammene idretten har for å drive sin aktivitet. Heilt på slutten av året fekk vi gjennomslag for kravet og full momskompensasjon for idretten. Dette er noko som har teke mange år og desto kjekkare når det er eit faktum. For lokalidretten betyr dette tusenvis av ekstra kroner, kvart år.

Saman med LAM-ordninga, Grasrotandel og gode tilskot til anlegg gjennom spelemidlane har rammene for idrettslagsdrift blitt endra i positiv retning dei siste åra. Dette er et resultat av eit godt felles arbeid i heile idretten.

2022 var frå myndigheitene utpeika som Frivilligåret. For idretten i Møre og Romsdal er sjølvsagt slike markeringar viktig, men det aller viktigaste er at dette fokuset ikkje no er over. Aldri har det vore viktigare at frivillig arbeid vert synleggjort, sett pris på og stimulert.

Mi julehelsing er difor både ei takk for innsatsen til alle som stiller opp og ei sterk oppfordring til nye, unge og eldre, frivillige. Skal vi gjere våre lokalsamfunn til endå betre plasser å leve og bu er nettopp  din innsats viktig.

God jul og eit riktig godt og aktivt nytt år ynskjer vi i Møre og Romsdal Idrettskrets til dokke alle.

Kåre Sæter
Styreleder i Møre og Romsdal idrettskrets