Foto fra kåringen av 100årets utøver i Møre og Romsdal. Fra venstre: Ole Jørstad, Tone Gravvold (100 årets kvinnelige utøver), Karsten Warholm (100 årets mannlige utøver) og Rigmor Brøste.
Foto fra kåringen av 100årets utøver i Møre og Romsdal. Fra venstre: Ole Jørstad, Tone Gravvold (100 årets kvinnelige utøver), Karsten Warholm (100 årets mannlige utøver) og Rigmor Brøste.

Eit grunnfjell av gull!

Midt i flokken av den grøne horden frå Dimna suste Karsten Warholm frå øving til øving, frå medalje til medalje. Scena er Straumsnes stadion og kretsmeisterskap for Møre og Romsdal. Det sprudla over av idrettsglede av heile gjengen. Og i bakgrunnen rusla fedre, mødre og trenarar, stolte av flokken med trygge og glade ungdommar.

Det er denne idretten, dette miljøet og denne tilnærminga til idretten som har skapt «Team Warholm». Trener Leif Olav Alnes frå Torvikbukt – sjølv aktiv i friidrett i Møre og Romsdal på 1980-talet – og oppvaksen i en tradisjon der grunnverdiane innan idretten var sterke, og Karsten Warholm frå Ulsteinvik – eit produkt av eit miljø der alle skulle få vere med  og bli sett. Ein duo som står fjellstøtt på det grunnlaget vi ønsker norsk idrett skal vere bygd på.

Men sjølvsagt snakkar vi om noko mykje meir enn solid grunnmur når vi skal leite etter kvifor Karsten Warholm nettopp har levert det dei fleste av oss omtaler som tidenes norske idrettsaugeblink.

Dette handlar om så mykje meir.
Trening sjølvsagt. Men trener gjer dei alle.
Talent og gode genar – sjølvsagt.

Men det ekstra – det spektakulære  - er noko anna. Samspelet Warholm-Alnes har kvar dag. Den endelause søken dei har etter det lille ekstra, det som kan bryte grensene. Analysane, viljen til å gå den lange vegen for å finne ut – og ikkje minst evna til å aldri ta noko for gitt. Og trua på at det umoglege er mogleg. Den evige jakta, jakta etter det optimale.

Karsten Warholm og Leif Olav Alnes driv ikkje med vanleg trening. – Vanleg trening gir vanlege resultat. Det er ikkje det vi jakter etter, sa Alnes då han trente Geir Moen på 1990-talet. I arbeidet med Karsten Warholm har han vist det ikkje berre er ord.

For Møre og Romsdal som idrettsfylke er det ufatteleg stort å kunne gratulere med olympisk gullmedalje til team Warholm. Det er nesten litt uverkeleg å tenke på at «ute i verda» no vert diskutert om det er Usain Bolt, Bob Beamon eller Karsten Warholm som står for tidenes  friidrettsprestasjon – i verda nokon sinne.

At det er ein av dei største idrettsprestasjonane av ein nordmann nokon sinne er udiskutabelt.

Trenar Leif Olav Alnes var kanskje den som midt i jubelen tysdag var i stand til å sjå lengst framover. Løpet tysdag var så grensesprengande at det kanskje aldri vert mogleg å kopiere – enn sei slå. Karsten er berre 25 år – og har lyst på meir kake. Spørsmålet er rett og slett kva skal dei gjere no. Dobbel verdsmeister, olympiske meister, verdsrekordhaldar. Kort sagt han er nummer 1. Alnes antyda rett og slett at Karsten kanskje må sjå seg om etter andre utfordringar. Og då tenkjer han ikkje på ein plass på midtbana til Hødd.

Vebjørn Rodal vart olympisk meister på 800 meter i 1996. Han hadde då i tillegg eit mål om å bli den første i verda til å springe 800 meter under 100 sekund. Eg vert ikkje overraska om denne ideen kverner i bakhovudet til Leif Olav Alnes. Eg trur det er like umogleg for Karsten Warholm som det er å spring 400 m hekk under 46 sekund.

Karsten Warholm har gjennom heile sin karriere som «verdensutøver» alltid vore klinkande klar på kor han kjem frå, ikkje berre ein fysisk plass, men kva eit inkluderande idrettsmiljø som er bygd på glede og samhald har gitt han av tryggheit og glede.

I Ulstein er verda marknaden for næringslivet. Det er naturleg å konkurrere – og vinne – kontraktar med verksemder frå andre land og kontinent. Slik er det.

Karsten er stolt av laget sitt og bygda si. Og du verden kor stolte VI er av han – ja av dei.

Å hylle Karsten Warholm og flokken hans med ord er umogleg. Ord rekk ikkje fram til første hekken ein gong. Vi seier berre takk. Takk for  oppleving og glede, takk for at du hugsar kvar du kjem frå og takk for at vi alle får kjenne på at du er litt vår.

Gratulerer.

 

Kåre Sæter
Leiar Møre og Romsdal Idrettskrets.