Smittevern kurs/arrangement

Vestland idrettskrets er ansvarleg for at kurs/arrangement vert gjennomført i tråd med gjeldande råd og bestemmelsar for smittevern frå helsemyndigheitene.

Følg med i kalenderen på nettsida vår og på nyheitsbrev frå idrettskretsen for å sjå kva typar kurs og korleis vi gjennomfører desse. 

Hovudreglar for smittevern ved kursverksemd (sjå utfyllande informasjon i nedtrekksmeny under): 

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar
  2. God hand- og hostehygiene, og forsterka reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak

Kva gjer idrettskretsen i høve smittevern ved gjennomføring av kurs og arrangement? 

Vestland idrettskrets er ansvarleg for at kurset vert gjennomført i tråd med gjeldande råd og bestemmelsar for smittevern frå helsemyndigheitene, og vi gjer følgande førebuingar og vurderingar knytt til kvart kurs/arrangement: 

  • Idrettskretsen er oppdatert på nasjonale reglar og tilrådingar om smittevern.
  • Idrettskretsen oppdaterer seg på eventuelle lokale/regionale tiltak
  • Basert på nasjonale, regionale og lokale reglar/tiltak, vurderer idrettskretsen om kurs/arrangement blir gjennomført med fysisk oppmøte eller digitalt
  • Idrettskretsen utnemner ein smittevernansvarleg for kurs/arrangement
  • Idrettskretsen informerer deltakarar på førehand om kva reglar som gjeld for kurset/arrangementet
  • Idrettskretsen har ved behov dialog med deltakarar i risikogrupper og vurderer høve til tilrettelegging
  • Idrettskretsen tek elektronisk påmelding, og fører frammøtelister med kontaktinformasjon for å kunne hjelpe helsemyndigheitene med smittesporing dersom det vert aktuelt
  • Kurs/arrangement vert utsett eller avlyst dersom idrettskretsen vurderer at kurs/arrangement vil føre til auka smitterisiko

Det aller viktigaste smitteverntiltaket er at sjuke personar held seg heime. Det gjeld uansett type sjukdom, og sjølv med lette symptom. Det omfattar personar som er stadfesta smitta av korona, personar som sit i karantene og personar som har symptom på koronasmitte.

Tiltak:

  • Vestland idrettskrets informerer deltakarar på førehand om regelen, og vurderer for kvart kurs om ein kan delta ved hjelp av elektronisk kommunikasjon. 
  • Smittevernansvarleg er kjent med smittemåte og symptom på koronasmitte. 


Hostehygiene og å halde avstand er avgjerande for å avgrense dråpesmitte, medan handhygiene og spesielt det å ta seg i ansiktet med ureine hender, er viktig for å hindre indirekte kontaktsmitte. Forsterka reinhald vert vurdert spesielt for kontaktpunkt som vert berørt hyppig. 

Tiltak: 

  • Kurslokalet skal ha utstyr for handvask med såpe og alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel 
  • Informasjon til deltakarar om god handhygiene: vaske hender ved ankomst, før måltid, etter toalettbesøk, ved synleg skitne hender, etter kontakt med kroppsvæsker (t.d. etter å ha pussa nasen).
  • Informasjon til deltakarar om å hoste/nyse i albuekroken eller nytte papirlommetørkle som dekker munn og nase - og deretter vaske hendene
  • Sørge for at kurslokalet har gode rutinar for reinhald 


Auka fysisk avstand mellom menneske reduserer moglegheita for smitte, også før symptom på sjukdom oppstår. Dei som er til stades skal kunne halde minst 1m-avstand (unntak vert omtalt for dei spesifikke kurs/arrangement det gjeld). 

Tiltak:

  • Informere deltakarar om å unngå handhelsing og klemming
  • Sørge for at kurslokalet er stort nok og at det er lagt til rette for å unngå trengsel 
  • Sørge for å unngå aktivitetar som krev nærkontakt 
  • Oppfordre deltakarar til å unngå bruk av offentleg kommunikasjon ved reise til og frå kurset
  • Der det er behov for mat i løpet av kurset/arrangementet, må ein vurdere frå kurs til kurs om deltakarar tek med eigen mat/drikke, unngår å dele med andre, eller om ein kan legge til rette for servering porsjonsvis

Deltakarar vert oppfordra til å ikkje dele utstyr, som pc, nettbrett, penn, papir etc. Deltakarar må ta med eige utstyr for å ta notat frå kurset om ein ønsker det. Der utstyr er ein vesentleg del av kurset, som til dømes aktivitetsleiarkurs barneidrett, vert dette omtalt og tilrettelagt for kvart einskild kurs.