Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velfortent heider til idrettsmerkejubilantar

IMG_20190611_200710.jpg
Frå venstre: Per Birger Lomheim, Bernt Bergesen, Eivind Skjerven, Birger Fagerlid, Jan Bjørn Sørensen og Arnfinn Grøneng. Kåre Øyri, Magne Tystad, Anne Gjertrud Hov, Brit Sørum og Oddlaug Flo kunne ikkje delta på utdelinga. Foto: Bodil Ryste

Tysdag kveld fekk dei som hadde teke idrettsmerket for 40., 50. eller 60. gong i 2018 utdelt sine velfortente merke og diplomar på Skei hotell.

 

Representantar frå styret og tilsette i Idrettskrinsen fekk ein triveleg kveld saman med ein sprek gjeng idrettsmerketakarar på Skei. Nils R Sandal leia kvelden, og skrytte av aktiviteten som idrettsmerketakarane står for. Å klare å gjennomføre idrettsmerket år etter år krev at ein er allsidig, det gjev god helse og ikkje minst er idrettsmerkeprøvene viktige som ein kjekk og sosial møteplass, sa styreleiaren. 

Per Birger Lomheim og Eivind Skjerven heldt interessante og engasjerande idrettshistoriske innlegg. Skjerven er ein av få her i fylket som har teke idrettsmerket 60 gongar. 

Idrettskrinsen takkar for innsatsen og for ein kjekk kveld!  

Desse tok idrettsmerket for 40., 50. eller 60. gong i 2018: 

40 år:
Jan Bjørn Sørensen, IL Bjørn
Bernt Bergesen, Olden IL 
Arnfinn Grøneng, Førde IL
Oddlaug Flo, Stryn T og IL
Brit Sørum, Oppstryn IL
Anne Gjertrud Hov, IL Modig

50 år: 
Birger Fagerlid, Olden IL
Per Birger Lomheim, Hafslo IL
Magne Tystad, Fjellhug Vereide IL
Kåre Øyri, Lærdal IL

60 år:
Eivind Skjerven, Stryn T og IL