Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utlysing av midlar frå Extrastiftinga for 2020

extrastiftelsen_nif.jpg

Alle idrettslag kan søke om midlar frå Extrastiftinga via Norges Idrettsforbund til oppstart eller vidareutvikling av prosjekt retta mot sårbare eller utsette grupper.

 

Du kan søke om midlar til prosjekt som har som mål om å legge til rette for og inkludere:

  • menneske med funksjonsnedsetjing
  • menneske med innvandrarbakgrunn
  • menneske med ein fysisk sjukdom
  • menneske med psykisk sjukdom eller
  • menneske med lav betalingsevne

Idrettslag kan søke om støtte til prosjekt som inneheld til dømes utsyr til trening, honorar til trenarar, kompetansehevande tiltak for trenarar og leiarar, marknadsføring, arrangement for målgruppa osv. Det kan også søkast om løn til prosjektleiar dersom det er føremålstenleg for prosjektet. Prosjektet si varigheit må vere inntil 1, 2 eller 3 år. 

Søknadsfrist er 15. august 2019 for prosjekt med oppstart vår 2020.

For å bli oppretta som søkar må du:

  1. Ta kontakt med særforbundet (dersom idrettslaget organiserer 1 idrett) eller Sogn og Fjordane Idrettskrins (dersom idrettslaget organiserer fleire idretter) for å avklare:
  • om ønska prosjekt er i tråd med særforbundet/ idrettskretsen sin strategiplan og prioriterte område.
  • om særforbundet/ idrettskretsen har muligheit til å støtte idrettslaget sitt prosjekt fagleg.
  • om særforbundet/ idrettskretsen har muligheit til å støtte idrettslaget sitt prosjekt økonomisk, eller veit om andre støtteordningar, slik at midlane anten kan inngå i budsjettet i søknaden, eller erstatte behovet for å søke.
  1. Sende ein e-post til line.hurrod@idrettsforbundet.no i god tid innan søknadsfristen der du kort gir opplysningar om:
  • bakgrunn for prosjektet
  • målsetjing for prosjektet
  • målgruppe for prosjektet 
  • prosjektet er informert om til særforbund/ idrettskrets
  1. NIF opprettar eventuelt idrettslaget som søkjar og du får tilgang til eit elektronisk søknadsskjema. Der må du fylle ut alle opplysningar, samt legge ved ei prosjektskildring og eit budsjett. Meir informasjon sendast dersom du vert oppretta som søkjar.

Les meir her og her.

ExtraStiftelsen kunngjør kven som får midlar 15. desember 2019.

Spørsmål: line.hurrod@idrettsforbundet.no