Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utlysing av idrettsstipend og støtteordning

Logo SFIK.png

Sogn og Fjordane idrettskrins lyser ut midlar til idrettsstipend til unge utøvarar, og støtteordning til tiltak i barne- og ungdomsidrett og paraidrett. Merk at søknadsfristen er 1. november.

 

Idrettslag, idrettsråd, særkrinsar/regionar og enkeltutøvarar kan søkje på midlane. 

Det er tre kategoriar ein kan søkje på:

  1. Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
  2. Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
  3. Støtteordning til paraidrett

Søknadsfristen er 1. november 2019. Utdeling vil skje i samband med markeringa av Sogn og Fjordane Idrettskrins sitt 100-årsjubileum på Skei 30. november.

For idrettsstipend er det den enkelte utøvar sjølv som søkjer, men organisasjonsledda må gjere aktuelle kjend med ordninga og fristar som gjeld. For støtteordninga til barne- og ungdomsidrett og paraidrett må mottakar av midlar rapportere inn korleis tiltaket er gjennomført og at midlane er brukt som skildra i søknaden når tiltaket er gjennomført, seinast 1.desember 2020.

Det er styret i Sogn og Fjordane idrettskrins som vil vurdere søknadane og vedta kven tildeling skal gå til. Sogn og Fjordane Idrettskrins kan innhente tilleggsinformasjon frå særkrins/region eller Norges Idrettsforbund om dei finn det nødvendig i samband med handsaming av søknadane.

Utlysingsbrev til idrettslag, idrettsråd og særkrinsar/regionar her.

Kriterium for søknad og tildeling finn ein her. 

Søknadsskjema for idrettsstipend unge utøvarar her.

Søknadsskjema for tiltak barne- og ungdomsidrett her.

Søknadsskjema for tiltak paraidrett her. 

Spørsmål kan rettast til Sogn og Fjordane idrettskrins, tlf. 57761210 eller epost: sognogfjordane@idrettsforbundet.no