Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idrettens Møteplass 2019

foredrag sunn idrett.png
Ingvild Pettersen. Foto: Sunn Idrett

Vi er snart klare for årets utgåve av Idrettens Møteplass. Denne gong i Trivselshagen på Sandane 25 - 27. oktober. Oppdatert informasjon 19.10.19.

 

Saman med Sogn og Fjordane skikrins, Sogn og Fjordane friidrettskrins og Sogn og Fjordane orienteringskrins kan vi tilby eit rikhaldig program. 

Laurdag 26.10 har vi invitert til treningssamling for ungdom 12-19 år med bidrag frå topp trenarkrefter (Marcus S. Dasa frå Olympiatoppen Vest og Ole Morten Mardal frå Firda vgs/GFIL). Her har vi svært god påmelding, med 60 ungdomar som har lyst til å få med seg ein dag med trening av basisferdigheiter, foredrag med Sunn Idrett, og å møte ungdomar frå andre idrettar enn det ein driv sjølv. Les meir og sjå prorgram for treningssamlinga her. 

Foredraget frå Sunn Idrett (laurdag 26.10 kl. 10-12) har tittelen "Kvardagsmeistring i eit prestasjonsmiljø". Ingvild Pettersen er utdanna psykolog og er tidlegare langrennsløpar. Ho vil mellom anna snakke om betydninga av motivasjon, fellesskap og balanse i kvardagen. Samt korleis ein kan meistre stress og forventningar. Eit viktig tema både for foreldre, trenarar, leiarar og den aktive utøvaren. Foredraget er gratis og ope for alle interesserte. 

I tillegg har Skikrinsen sitt haustmøte. Friidrettskrinsen og Orienteringskrinsen har også opne møter frå kl. 13.00. 

Få også med deg kurstilboda frå Idrettskrinsen:

- fredag 25. oktober kl. 17.30-20.30: Styrearbeid i praksis
- laurdag 26. oktober kl. 13-16: Klubbadmin

Det er framleis ledige plassar på foredrag, kurs og møte. Ta kontakt med Idrettskrinsen om du vil melde deg på! 

Bodil Ryste, tlf. 97518349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no