Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idrettens Møteplass 2017

20171111_113608_resized.jpg

Over 180 var innom Idrettens Møteplass på Sogndal VGS laurdag 11. november. Dette var årets møteplass for idretten i Sogn og Fjordane.

 

Johan Kaggestad innleia med foredraget «Allsidig grunnlag for å nå toppen». Med fagleg tyngde kombinert med humoristiske vinklingar fenga og traff det godt blant dei over 100 frammøtte.

   

På boksleppet «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» fortalte forfattar Rune Fossum Lillesvangstu om møta med dei ulike idrettsheltane og både dei kjende og ukjende historiene.

    

Etter lunsj var det ulike møter og kurs. Årets idrettsrådsamling med fokus på kommunesamanslåing, kurs i økonomistyring for idrettslag, haustmøtet til Sogn og Fjordane Skikrins og ope lagleiarmøte til Sogn og Fjordane Orienteringskrins.

Presentasjonar frå idrettsrådsamlinga:

Parallelt gjekk «Treningssamling på tvers» føre seg i Sogndal idrettshall. Over 50 unge utøvarar mellom 12 og 16 år gjennomførte 2 basisøkter saman med Mathias Lilleheim, Even Hole og Reidunn Bergheim. Her fekk ungdomane trene og bli kjent med kvarandre på tvers av idrettane.

Video frå "Treningssamling på tvers"