Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flott møteplass for idretten på Sandane

Ingvild Pettersen Sunn Idrett.jpg
Psykolog Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett snakka om kvardagsmeistring i eit prestasjonsmiljø. Foto: Idrettskrinsen

Kring 130 engasjerte ungdomar, foreldre, trenarar og tillitsvalde var samla på Idrettens Møteplass på Sandane 25. og 26. oktober 2019.

 

Idrettens Møteplass "tjuvstarta" med kurset "Klubbens styrearbeid i praksis". 10 deltakarar frå ulike idrettslag i Nordfjord fekk med seg nyttig kunnskap og delte erfaringar kring idretten sitt regelverk, ansvar og verkty for arbeidet.  

Frå kurset på fredag. Kurslærar Ann Kristin Remmen. Foto: Idrettskrinsen.

Laurdagen starta med foredrag ved psykolog Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett. Ingvild engasjerte dei kring 50 deltakarane med viktige tema som motivasjon, balanse i kvardagen og betydninga av fellesskapet. Ingvild delte  også mykje av si og broren Øystein Pettersen si erfaring som aktive utøvarar i langrenn. 

Mange nyttige refleksjonar å ta med seg vidare frå foredraget laurdag. Foto: Idrettskrinsen. 

I lunsjen er det god tid til å møtast og utveksle erfaringar på tvers av idrettar. Nettopp ei av målsetjingane med Idrettens Møteplass. Med både aktiv idrettsungdom som deltok på treningssamlinga, foreldre, trenarar og andre tillitsvalde, yra det av liv i kantina i Trivselshagen denne føremiddagen. 

Styreleiar Nils R. Sandal i framgrunnen saman med Ragnhild Fjærestad frå Vik IL.

Styreleiar Nils R. Sandal i prat med Ragnhild Fjærestad frå Vik IL. Foto: Idrettskrinsen. 

Til treningssamlinga kom nær 60 ungdomar i alderen 12-19 for å få med seg ein dag med to basisøkter, foredrag og ikkje minst det sosiale på tvers av idrettar. "Dette var ein veldig bra dag", uttalte ein av deltakarane over ein smoothie ved endt dag. Ole Morten Mardal frå Gloppen friidrettslag/Firda vgs og Marcus Småvik Dasa frå Olympiatoppen Vest gjennomførte øktene på utmerka vis. Nokre trenarar fulgte også med for å få inspirasjon til øvingar og treningsmetodar. 

Stor gjeng på årets treningssamling. Kyndig leiing av Ole Morten Mardal og Marcus Småvik Dasa. Foto: Idrettskrinsen. 

Andre kurs/møte:

Kurs KlubbAdmin (Idrettskrinsen)
Haustmøte Skikrinsen
Haustmøte Friidrettskrinsen
Ope lagleiarmøte Orienteringskrinsen

Takk for i år! 

Presentasjonar blir lagt ut under fagsamlingar.