Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fagseminar i Sogndal

Trio.jpg
Bilete av dei tre som holdt innlegg på fagseminaret. Kjerstin, Marcus og Marianne.

Idrettskrinstinget 2018 i Sogndal vart innleia med eit fagseminar fredag 13. april.

 

Her fekk ein høyre erfaringar frå dei som, med sine historiske milepælar, har vist kva det betyr å ha eit sterkt utviklingsfokus og å sjå utfordringane som moglegheiter. 

Marianne Aakre Laugerud innleia fagseminaret med å dele sine oppturar og nedturar frå si dommarkarriere i fotball. Til å vere 23 år har ho både oppnådd og opplevd mykje innan dommaryrke, og ho ga forsamlinga eit ærleg innblikk i korleis hennar veg har vore.
I ei til tider tøff oppgåve som dommar trakk ho også fram mykje av det positive med å løyse oppgåva som dommar, og kor viktig det er med god oppfølgjing frå klubb og krets undervegs.

Parasymjaren Marcus Haus fortalte publikum om si historie og utvikling innan symjing, og ikkje minst kor viktig det har vore å vere ein del av klubbmiljøet i Eid Symjeklubb.
Med si utstråling var det ikkje vanskeleg å sjå kva idretten betyr for Marcus.

Foto: Privat.

"Gøy heile vegen i eit kjekt miljø". Det var den klare tale frå Kjerstin Boge Solås. Handballtalentet frå Dale ga forsamlinga, i lag med hennar tidlegare trenar Jonny Pedersen, eit godt innblikk i si utvikling frå barne- og ungdomsåra i Dale IL til Tertnes og landslagspel som 18-åring. 
Kjerstin kjem frå eit miljø i Dale med fokus på å vere allsidig og oppmuntring om å vere med på ulike idrettar, og der målet er å ikkje vere best før godt opp i ungdomsåra. 

Presentasjonar frå fagseminaret:
"Min veg mot toppen - oppturar og nedturar" - Marianne Aakre Laugerud, fotballdommar Førde IL/NFF Sogn og Fjordane
Presentasjon Kjerstin Boge Solås og Jonny Pedersen

Relatert saker:
Fagseminar og Idrettskrinsting 2018