Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

15 unge utøvarar får stipend frå Idrettskrinsen

Logo SFIK.png

Sogn og Fjordane idrettskrins lyste i oktober ut stipend til unge utøvarar i alderen 16-19 år. Heile 47 utøvarar frå 13 ulike idrettar søkte om stipend, og idrettskrinsstyret vedtok å tildele til 15 utøvarar som allereie har hevda seg svært godt i sin idrett.

 

Føremålet med stipenda er å stimulere og hjelpe unge, aktive idrettsutøvarar i aldersgruppa 16-19 år til å søkje utvikling og framgang i sin idrett. Vilkår for tildeling er at utøvar representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane i idrett og grein som er tilslutta Norges idrettsforbund, og må halde høgt nasjonalt og/eller regionalt nivå innanfor sin idrett. Styret i Sogn og Fjordane idrettskrins har vedteke tildelinga. Idrettskrinsen har innhenta tilleggsinformasjon frå særkrins/region eller NIF om det har vore naudsynt i samband med handsaming av søknadane. 

Idrettskrinsstyret vedtok 21.11.19 å tildele til følgjande utøvarar, kr. 10 000,- per stipend: 

Mathias Andreas Reksten Dale, Breimsbygda IL. Friidrett og vektløfting.

Cornelius Hilde Eikeland, Førde volleyballklubb. Volleyball. 

Elias Felde, Breimsbygda IL. Alpint. 

Thomas Hallstensen, Florø Sportsklubb. Fotball. 

Andrea Fiskaa Haugen, Luster Telemarkklubb. Telemark. 

Elena Eikevoll Heltne, Florø Pistolklubb. Pistol. 

Håvard Hetle, Sogndal Fotball. Fotball. 

Marta Valland Hofslundsengen. Sogndal Køyre- og rideklubb. Køyring (riding). 

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL. Skiskyting. 

Julia Jordanger Loen, Breimsbygda IL. Vektløfting. 

Steffen Melheim, Olden IL. Friidrett. 

Miriam Vilnes Mjåset, Kaupanger IL. Fotball. 

Jakob Stavang Stubhaug, Sunnfjord Golfklubb. Golf. 

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL. Skiskyting. 

Thristan Engebø Ullebø, Førde IL/Sogn CK. Sykkel og langrenn. 

Styreleiar i Idrettskrinsen, Nils R. Sandal, uttalar at han er imponert over breidda og nivået på dei unge utøvarane frå fylket. Med svært mange gode søkjarar vedtok krinsstyret å tildele til 15 utøvarar i jubileumsåret.

Sandal seier at Idrettskrinsen no er glade for å ha ei slik ordning tilbake, gjennom at det på det ekstraordinære idrettskrinstinget 9.11.19 vart vedteke å oppretta ei stifting der unge utøvarar, idrettslag, idrettsråd og særkrinsar/regionar kan søke om støtte også i dei næraste åra framover. 

Stipendordninga for unge utøvarar ein av tre støtteordningar som Idrettskrinsen lyste ut i oktober i år. I tillegg vart det lyst ut støtteordning til barne- og ungdomsidrett og paraidrett.