Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

"Treningssamling på tvers" 12 - 16 år

_B2A5459(1)_resized_1.jpg
Sted: Sogndal, Fosshaugane Campus/ Sogndal Idrettshall
Start: 27.10.2018 09:30 Slutt: 27.10.2018 15:30

Er du mellom 12 og 16 år? Bli med oss på treningssamling på tvers av idrettar!

Tid:   Laurdag 27. oktober 2018 kl. 09.30 – 15.30
Stad: Fosshaugane Campus/ Sogndal Idrettshall
          på «Idrettens Møteplass 2018 – Sogn og Fjordane»

Samlinga er open for ungdom frå alle idrettar (f. 2006-2002). Dette vert garantert ein kjekk, sosial, utviklande, svett, intensiv og lærerik dag - der du kan få mange tips du kan ta med heim til eigen idrettskvardag. Hovudinstruktørane er Atle Hole Sæterbakken frå Høgskulen på Vestlandet og Cecilie Eriksen frå Olympiatoppen Vest, begge med solid kompetanse (sjå omtale under). Hovudfokuset til instruktørane er trening av grunnleggjande ferdigheiter i t.d. teknikk/motorikk, styrke og hurtigheit - tilpassa ungdomar i alderen 12 - 16 år.  

Nytt på treningssamlinga i år er foredrag om ernæring for aktiv idrettsungdom ved Pia Mørk Andreassen frå Olympiatoppen Vest.

Rammeprogram: 

Kl.09.30 - 11.30. 1. økt treningssamling. Oppmøte Sogndal Idrettshall. Møt klar for                                   økt med treningskle kl. 9.30. Instruktør på plass frå 9.15.                                                 Garderobane i same etasje som idrettshall kan brukast. 

Kl. 12.00 - 13.00  Varm lunsj i kantina på Sogndal vgs

Kl. 13.00 - 13.30  Foredrag om ernæring for aktiv idrettsungdom ved Pia Mørk                                          Andreassen frå Olympiatoppen Vest. Stad: Fossalen, Sogndal                                        VGS. Det blir skilta frå kantina. 

Kl. 13.30 - 15.30  2. økt. Oppmøte Sogndal Idrettshall. 

Foreldre, føresette, trenarar og andre interesserte kan bli med på foredrag og observere 2. økta på treningssamlinga. 

Pia Mørk Andreassen er dagleg leiar ved Olympiatoppen Vest. Ho er utdanna fysiolog, og har jobba med idrettsernæring frå år 2000. Ho har lang erfaring som trenar, og er tidlegare aktiv utøvar i turn. 

Atle Hole Sæterbakken er til dagleg forskar og undervisar ved idrettsutdanningane på Høgskulen på Vestlandet. Han har halde mange kurs i funksjonell trening. Han er tidlegare aktiv telemarkskøyrar. 

Cecilie Eriksen er basistrenar i Olympiatoppen Vest. Ho har vore basistrenar i klubb frå 2012, og er sjølv tidlegare aktiv utøvar i kunstløp og hurtigløp på skøyter. 

Meld deg på dagen HER.  Påmeldingsfrist fredag 19. oktober. 

Her finn du meir informasjon om Idrettens Møteplass 2018 og nederst på denne sida kan du lese om og sjå video frå treningssamlinga i fjor. 

Kontaktinformasjon: 
Sogn og Fjordane Idrettskrins v/ Bodil Ryste
Tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no