Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Kurs for idrettslag: Styrearbeid i praksis - Sandane

Sted: Trivselshagen, Sandane
Start: 25.10.2019 17:30 Slutt: 25.10.2019 20:30

I samband med Idrettens Møteplass inviterer Idrettskrinsen til kurset "Styrearbeid i praksis" for idrettslag.

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil seie å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

  1. Ansvarsoppgåver:
    Kva formelt ansvar har styret og kva kan gjerast for å ivareta ansvaret? Idretten sine lover og reglar, styret sitt ansvar og økonomistyring.
  2. Strategioppgåver:
    Korleis sikre at idrettslaget står sterke til å møte framtidige utfordringar?
  3. Ressursoppgåver:
    Kva ressursbehov har idrettslaget og korleis ivareta dei? Organisering og samspel med dei ressursane som finst i idrettslaget.

Målgruppe: Hovudstyret, gruppestyra, administrasjon (dagleg leiar), sportslege leiarar/sportsleg utval, valkomitéen, andre tillitsvalte

Kurslærar: Ann Kristin Remmen
Gratis deltaking. Påmelding innan 17. oktober via Idrettens Møteplass her. 

Kontaktperson: 
Bodil Ryste, Sogn og Fjordane Idrettskrins
Tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no