Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Klubbens styrearbeid i praksis - Førde

Sted: Idrettens Hus, Førde
Start: 03.09.2019 18:00 Slutt: 03.09.2019 21:00

Sogn og Fjordane Idrettskrins arrangerer tysdag 3. september ope kurs i "Styrearbeid i praksis" for idrettslag. Kurset vert halde på Idrettens Hus i Førde.

Idrettslaga har gjennomført årsmøta sine, og det kan vere mange nye tillitsvalde på plass. Dette kurset gir nyttig kunnskap om: 

- kva det vil sei å vere tillitsvald i eit idrettslag
- kva er styret sine ansvarsoppgåver, og kva reglar må styret forhalde seg til
- korleis sikrar ein best mogleg bruk av klubben sine ressursar og korleis ein organiserer idrettslaget på ein best mogleg måte
- kva hjelpemidlar kan takast i bruk
- kva vil vi med idrettslaget vårt, og korleis kan vi løfte blikket og sjå framover? 

Kurset er kostnadsfritt. Påmelding via Min Idrett her. 

Kurslærar: Anne Leversund
Kontaktperson: Bodil Ryste, Sogn og Fjordane Idrettskrins. Tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no