Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idrettens Møteplass og 100 års jubileum

20171111_150035_001_resized.jpg
Foto: Ingrid Narum. Treningssamling 2017.

25. oktober 2019 inviterer Sogn og Fjordane Idrettskrins til 100-års jubileumsmiddag og 26. oktober vert Idrettens Møteplass arrangert for tredje gong. Alt skjer på Sandane.

100-års jubileum 25. oktober 2019:

Sogn og Fjordane Idrettskrins er 100 år i 2019. 25. oktober feirar vi jubileet med middag og program på Gloppen hotell. Her kan du vente deg framsyning av historiske bilete og film, musikkinnslag, talar og ein sprek konferansier. 

Meir informasjon kjem i august 2019. 

Idrettens Møteplass 26. oktober 2019

For tredje året på rad inviterer vi idrettslag, idrettsråd, trenarar, tillitsvalde og den generelt idrettsinteresserte til Idrettens Møteplass. Vi inviterer òg ungdom i alderen 12-19 år til treningssamling på tvers av idrettar, med fokus på basistrening (alle nivå kan delta!).

Rammeprogram (oppdaterast august-september 2019): 

Kl. 9.30 Registrering. 

Kl. 9.45 Start treningssamling på tvers av idrettar. Firdahallen

Kl. 10.00 Opning v/ Nils R. Sandal. Kultursalen. 

Kl. 10.15 Foredrag, ope for alle. Kultursalen. 

Kl. 12 - 13 Felles lunsj. Kantina Trivselshagen.

Kl. 13 Foredrag, ope for alle. Antidoping Norge. Kultursalen.

Kl. 13.30 Idrettsrådssamling og kurs i regi av Idrettskrinsen. Firda vgs. 

Kl. 13.30 Haustmøte/opne lagleiarmøte Skikrinsen, Orienteringskrinsen og Friidrettskrinsen (separate møte). Firda vgs.