Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Årsmøte - tips til førebuing

Idrettslaget sitt årsmøte skal gjennomførast innan utgangen av mars månad, jf. NIF si lovnorm for idrettslag.

Informasjon om årsmøtet og mal for innkalling til årsmøte, sakliste, protokoll m.m. finn ein på Idrettsforbundet sin klubbguide med eiga side om årsmøtet. 

I lovnorm for idrettslag kjem det fram (§ 13 Årsmøtet (2)):

- at årsmøtet innkallast av styret med minst ein månads varsel direkte til medlemane (døme: epost, kunngjering i presse, heimeside)

- at forslag som skal behandlast på årsmøtet, må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet

- at fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument, med forslag til årsmøtet, må vere gjort tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet blir halde

Vidare i lovnormen § 15 om Årsmøtet sine oppgåver står det kva saker og saksdokument årsmøtet skal handsame:

  • Punkt 4: Årsmelding, inkludert eventuelle gruppeårsmeldingar.
    Årsmelding skal underskrivast av alle styremedlemar.
  • Punkt 5: Handsame idrettslaget sitt årsrekneskap. Eventuelle grupperekneskap må komme fram av idrettslaget sitt årsrekneskap. Idrettslaget sitt årsrekneskap skal leggast fram for årsmøtet i revidert stand, det vil sei at revisor si beretning skal følgje. For idrettslag med omsetning under 5 millionar veljast to revisorar blant medlemsmassen. De to valte revisorane signerer revisor si beretning. For idrettslag med omsetning over 5 millionar sjå § 12 (2) i lova. Idrettslaget sitt årsrekneskap skal underskrivast av alle styremedlemar.
  • Punkt 6: Handsame forslag og saker.
  • Punkt 7: Fastsette medlemskontingent på minst kr. 100 pr. medlem.
  • Punkt 8: Vedta idrettslaget sitt budsjett for året. Det vedtekne budsjettet bør kome fram i ei eiga kolonne når årsrekneskapet for føregåande år blir lagt fram.
  • Punkt 9: Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan.
  • Punkt 10: Gjere val i samsvar til idrettslaget si lov punkt 10 a) til og med f) og organisasjonsplan (her er link til mal for organisasjonsplan).

Valkomiteen si innstilling skal i utgangspunktet gjerast tilgjengeleg saman med saklista og andre dokument seinast ei veke før årsmøtet blir halde.

Val av representantar til årsmøte i idrettsrådet: Sjå infobrosjyre om idrettsråd og merk særleg sida om «Kvifor er idrettsrådet så viktig?» og idrettslaga sitt ansvar for og bruk av idrettsrådet.

Ved val ver merksam på § 5 Kjønnsfordeling.

Her er link til sjekkliste for styret om førebuing til årsmøtet.

Ta kontakt med Erling Benjaminsen (epost: erling.benjaminsen@idrettsforbundet.no) eller Bodil Ryste (bodil.ryste@idrettsforbundet.no) ved spørsmål.
Telefon 57 76 12 10