Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

IDRETTSRÅD

"Idrettsråd - sterke saker!" Dette slo idrettsrådskonferansen i Molde 2009 fast, og dette var overskrifta på idrettsforbundets strategiplan for 2008 - 2012. I denne planen blei det påpeika at idrettsrådet er idrettens sitt viktigaste idrettspolitiske organ.

Kring om i Noreg er det 366 idrettsråd, i Møre og Romsdal har vi 30 idrettsråd som er knytta til Møre og Romsdal idrettskrets.

Idrettsrådet er NIF sitt idrettspolitiske organ på eit kommunalt nivå, i følgje NIF si lov § 8-1 (1) skal det vere eit idrettsråd i alle kommunar med meir enn tre idrettslag. 

Idrettsrådet sine oppgåver er å arbeide for best mulig forhold for idretten i kommuna, dette skal ein oppnå gjennom å vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunen, og mellom laga og idrettskretsen. Idrettsrådet skal: - styrke idrettens rolle og rammevilkår i lokalsamfunnet, - foreta prioriteringer på vegne av idrettslagene, - dokumentere og synliggjøre idrettens lokale omfang samt utvikle lokale idrettspolitiske handlingsprogram, - være en møteplass og utviklingsarena i skjæringspunktet mellom offentlig og frivillig virke. (NIFs lov, 2016 §8-2 (2)).