Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Julehelsing frå kretsleiaren

COLOURBOX5384682.jpg

Nokre snakkar om 2016 som eit vanskeleg år for norsk idrett. For oss i Møre og Romsdal har 2016 først og fremst vore eit gledens idrettsår. På kretstinget i april vedtok vi ein ny handlingsplan som fekk tittelen «Idrettsglede for alle». Det er ein stor idé og krevjande arbeid. Men først og fremst peiker det på ei retning. Idrettens jobb er å spreie gleda ut til alle.

 

Med dette som bakgrunn er vi i Møre og Romsdal Idrettskrets mykje å gle oss over. Stjernelaget til CFK blei av styret i kretsen foreslått til Inkluderingsprisen for sitt mangeårige arbeid med idrett for funksjonshemma i Kristiansund. Dei var og sentrale i arrangementet «Grenseløs Idrettsdag» idrettskretsen hadde i Braathallen i haust.

Ingen som var i hallen treng tvile på at «Idrettsglede for alle» er eit viktig mål.

Mary-Ann Samulelsen Naas frå Fræna er ein av fem finalistar til ildsjelprisen som vert delt ut under Idrettsgallaen 7. januar. Dette er ei stor ære for Mary-Ann, men og ein heider til alle dei tusenvis av frivillige som gir «Idrettsglede for alle» i Møre og Romsdal kvar dag.

Stjernelaget og Mary-Ann Samuelsen Naas er berre to eksempel på den kvardagsidretten vi i Møre og Romsdal har så mykje av. Idrettslaga er sjølve limet i våre lokalsamfunn. Tusenvis av forledretrenarar, vaffelsteikarar og dorullseljarar. Vi har alle same mål. Vi vil gje dei som veks opp ein like god oppvekst som vi fekk, ja om mogleg endå betre. Vi vil gje opplevingar, vennskap, mestring og ikkje minst glede. Dette veit vi er drivkrafta til tusenvis innan vår lokale idrett – kvar dag. Det er dette som er norsk idrett.

Men sjølvsagt er det stas og med suksess på toppnivå. I Møre og Romsdal kunne vi i 2016 gle oss gong på gong og over det. Det var strålande olympiske prestasjonar av Karsten Warholm frå Ulstein og Karoline Bjerkli Grøvdal frå Rauma. Det var verdsmestertittel til Olav Lundanes frå Ålesund, Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndal, kåra til Europas beste fotballspelar. Og kven kan gløyme det historiske opprykk til eliteserien for Kristiansund BK, og kva med verdscupsigeren i alpint til Ålesund-jenta Nina Løseth.

I visjonen «Idrettsglede for alle» er det og viktig at toppidretten har sin plass. Underhaldningsidretten er og eit viktig lim i våre lokalsamfunn. Vi er stolte av desse stjernene og dei er alle litt våre.

Idrettskvardagen er som livet elles, det inneheld utfordringar. Det er ikkje alt som er akkurat slik vi gjerne skulle sett det var. Men la aldri det ta fokus frå det alle viktigaste vi held på med, å skape idrettsglede for alle.

Styre i Møre og Romsdal vil takke all aktive, trenarar, foreldre og politikarar for innsatsen i 2016. Vi veit alle har gjort sitt for å gjere Møre og Romsdal til ein endå betre plass å vekse opp. La oss glede oss over det vi fekk til – så får vi heller prøve enda ein gong neste år på det vi gjerne skulle fått til.

Saman klarer vi det meste.

Vi ynskjer alle ei god jul og eit aktivt og gledefylt 2017.

Kåre Sæter

Kretsleiar