28.-29. juni 2019 var styra i Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets samla til strategisamling i Bergen.
Tema for samlinga var oppstart av prosessen med å utarbeide ein strategisk plan for framtidige Vestland idrettskrins/krets. Som grunnlag for dette arbeidet ligg til dømes den nye langtidsplanen for norsk idrett, Idretten Vil og dei regionale planane for kultur i dei to fylka. I tillegg vart det halde ein bolk med informasjon frå arbeidet i interimstyret for Vestland IK.
Desse var representert:
Sogn og Fjordane Idrettskrins: Nils R. Sandal (leiar), Arve Heimdal (nestleiar), Ruth Sølvi Helland, Lilly Schøyen (begge styremedlem), og Bodil Ryste (fungerande org.sjef).
Hordaland idrettskrets: Helge Johnsen (leiar), Ole Hope, Aina Steinsland, Robert-André Teikari (alle styremedlem), Jarl Svanberg (varamedlem) og Knut Songve (org.sjef og prosjektleiar for regionaliseringsprosessen til Vestland IK)