Grethe Fadnes Hansen saman med Are Strandli. Foto: Vetle Eggen
Grethe Fadnes Hansen saman med Are Strandli. Foto: Vetle Eggen

Grethe Fadnes Hansen er Vestland sin fylkesvinnar til prisen Årets eldsjel

Det var ein rørt og overraska semifinalist som fekk overrekt diplom og blomar av olympisk roar Are Strandli på vegne av Norges idrettsforbund og Norsk Tipping.

Grunngjeving:

Grethe Fadnes Hansen kom inn i IL Solid som trenar/lagleiar då eldstedottera byrja å spela fotball på slutten av 1990-talet. I 2000 vart ho vald inn i styret til barne- og ungdomsgruppa og året etter vart ho leiar for den same gruppa, eit verv ho har hatt fram til i dag.

I tillegg til å vera nestleiar i fotballgruppa er ho òg nestleiar i styret til idrettslaget, ho har plass i IL Solid sin hallkomité. Der ho har vore med å jobba hardt for realisering av eit nytt hallanlegg, som opnar i vinter med mellom anna fleirbrukshall, basishall, symjebasseng og klatrehall - eit særs stort løft for idrettslaget, bygda og heile kommunen.

No i det siste har ho vore ein stor pådrivar for å skapa ny aktivitet i den nye hallen. Ein av aktivitetane Grethe har vore med å heia fram og leggje til rette for der er e-sport. I tillegg til ei rekkje verv i IL Solid har ho òg hatt ulike verv og oppgåver både i det lokale idrettsrådet, ulike samarbeidsprosjekt med dei andre klubbane på Stord og i NFF Hordaland. Der har ho mellom anna vore kretsen sin soneleiar i Sunnhordland, arbeid med klubbutvikling, leiarutvikling og Fair Play.

Høyr intervju med Grethe Fadnes Hansen i Hordaland i dag på NRK P1

Grethe Fadnes Hansen_Karl Olav Gravdal-IL Solid og Kjetil Berntsen-Norsk Tipping.png
Frå venstre: Karl Olav Gravdal leiar i IL Solid, Grethe Fadnes Hansen og Kjetil Berntsen frå Norsk Tipping. Foto: Tone Stavland

Det blei no i november vald ut 11 kretsvinnarar som alle blei overraska av ein idrettsprofil. Juryen for Årets eldsjel vil plukke ut tre finalistar frå dei 11 kretsvinnarane. Desse tre deltar på Idrettsgallaen laurdag 7. januar der vinnaren av Årets eldsjel blir offentleggjort direkte på NRK1.

Alle_årets ildsjel1110x624.png

Frå venstre: Karl Olav Gravdal leiar i IL Solid, Kjetil Berntsen frå Norsk Tipping, Bente E. Widding frå Norges idrettsforbund, Grethe Fadnes Hansen, Tone Stavland frå Vestland idrettskrets og Are Strandli.