Stiftinga.png

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane har tildelt midlar for 2021

10 unge utøvarar er tildelt stipend og totalt 24 tiltak innafor barne-/ungdomsidrett og paraidrett mottek støtte.

Stiftinga vart stifta i 2019, og det er unge utøvarar, idrettslag, idrettsråd, særkretsar og regionar frå områda Sunnfjord, Nordfjord og Sogn som kan søke på midlane. Stiftinga har tre kategoriar ein kan søke på, der føremålet er å stimulere og hjelpe unge, aktive idrettsutøvarar i alderen 16-19 år til å søke utvikling og framgang i sin idrett, og å stimulere til rekruttering og hindre fråfall for barn og ungdom samt nye eller eksisterande tiltak innafor paraidrett. 

På www.idrettsfondsf.no kan du lese meir om Stiftinga og sjå kven som har fått stipend og støtte.