På biletet: frå venstre: Roald Aga Haug – ordførar i Ullensvang, Anne-Kristine Aas – Vestland idrettskrets, Isak Reisæter – Ullensvang IR og Arnfinn Førsund – styreleiar Ullensvang IR.
Foto: Anne-Kristine Aas
På biletet: frå venstre: Roald Aga Haug – ordførar i Ullensvang, Anne-Kristine Aas – Vestland idrettskrets, Isak Reisæter – Ullensvang IR og Arnfinn Førsund – styreleiar Ullensvang IR. Foto: Anne-Kristine Aas

Isak Reisæter heidra av idretten i Ullensvang

Isak Reisæter vart heidra av idretten i Ullensvang på årsmøtet til Ullensvang IR, 08. juni. Det var godt frammøte på årsmøtet og Ullensvang herad stilt med både kultursjef og ordførar.

Isak takka av etter over 20 år i idrettsrådet - mangeårig leiar i gamle Ullensvang IR og styremedlem i nye Ullensvang IR. Siste oppdrag for idrettsrådet i denne omgang var dirigent på årsmøtet.

Ordførar Roald Aga Haug takka Isak for svært godt arbeid for idretten i alle desse åra, og overrekte blomar og gåvekort frå idretten i Ullensvang.

Vestland idrettskrets sluttar seg til gratulantane og takkar Isak for svært godt og konstruktivt samarbeid i alle desse åra.