Trygg på trening header.jpg

Set overgrep på dagsorden med foredraget "Trygg på trening"

Komande veke kan du i Årdal, Nordfjordeid og Førde høyre foredraget Trygg på trening, der Trond Berge Høvik frå Senter mot incest og seksuelle overgrep snakkar om seksuell trakassering og overgrep i idretten, og kva vi som trygge vaksne kan gjere om vi mistenker at eit barn kan vere utsett for overgrep.

Seksuell trakassering og overgrep skal ikkje skje i idretten, og er i direkte strid med visjonen vår "Idrettsglede for alle". Likevel veit ein at seksuell trakassering og overgrep skjer i idrettssamanheng, ofte utan at det blir rapportert, handsama og reagert på. 

- Gjennom auka kunnskap om førebygging av seksuelle overgrep og trakassering, vil vi bidra til eit sikrare og tryggare miljø i alle idrettslag. Dette er noko som angår oss alle, forklarar Martin Uthaug i Vestland idrettskrets. 

Trond Berge Høvik er ein engasjert og tydeleg foredragshaldar, og ein vil få eit innblikk i alvorlege hendingar og korleis situasjonar kan oppstå. Målet med foredraget er å gi deltakarane verktøy til å skape idrettslag og idrettsmiljø som er trygge for alle barn. 

Foredraga er opne for alle interesserte, men spesielt relevant for alle trenarar, lagleiarar, tillitsvalde og foreldre/føresette i idrettslaget. Nedre aldersgrense er 16 år. 

På grunn av smittevern må interesserte melde seg på på førehand, og praktisk informasjon finn du her: 

Øvre Årdal 28. september kl. 19-21

Nordfjordeid 29. september kl. 19-21

Førde 30. september kl. 18-20

"Trygg på trening" er eit samarbeidsprosjekt mellom SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep), Redd Barna og Vestland idrettskrets. Vil idrettslaget følge opp med beredskapsplan, etiske retningslinjer og bli ein sertifisert Trygg på trening-klubb? Då kan du lese meir om det her og ta kontakt med Martin Uthaug i Vestland idrettskrets for å få meir informasjon

Her kan du lese norsk idrett sine retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep og rettleiar for handtering av saker. 

Kontakt

Vestland idrettskrets

Martin Uthaug
martin.uthaug@idrettsforbundet.no
mobil 975 38 679