Kurslærersamling-Lederkurs forungdom 2019.jpg

Digitale kurs

Vi tilpassar oss råd og restriksjonar i samband med koronaviruset, og tilbyr digitale kurs i perioden framover.

I tråd med anbefalingane frå myndigheitene har Vestland idrettskrets utsett alle planlagte fysiske kurs, møter og samlingar i perioden til og med 15. juni. For perioden etter 15. juni, avventar vi helsemyndigheitene og Idrettsforbundet sine råd og restriksjonar vidare. Vi har difor ikkje på noverande tidspunkt sett nye datoar for fysiske kurs, møter og samlingar.

Vi ønskjer likevel å kunne tilby idrettslaga og idrettsråda høve til utvikling og kompetanseheving, og tilbyr fleire kurs digitalt via Teams framover. Før påske gjennomførte vi to digitale kurs (KlubbAdmin og Styrearbeid i praksis) med gode tilbakemeldingar og konstruktive innspel til forbetring. Det blir naturleg nok mindre rom for lengre drøftingar og erfaringsutveksling, men dei digitale kursa blir lagt opp som presentasjon frå kurshaldar, demonstrasjon i system (KlubbAdmin), og det er framleis høve til å stille spørsmål. Det er to stk med frå idrettskretsen på alle kursa, slik at ein får fanga opp spørsmål eller kommentarar frå deltakarane på ein best mogleg måte.

Vi ser også på moglegheiter for å gjennomføre temakveldar og fagmøter digitalt, til dømes foredraget Trygg på trening. Dette vil vi kome tilbake til.

Per 15.4.20 har vi sett opp desse digitale kursa (trykk på linken for å kome til informasjon og påmelding):

21. april: Styrearbeid i praksis
23. april: KlubbAdmin
28. april: Økonomistyring for idrettslag
13. mai: Styrearbeid i praksis

Nye kurs og evt. endringar blir lagt ut i kurskalenderen vår her. 

Er Teams eit nytt verktøy for deg? Sjå oppskrift på korleis du vert med i møte her. 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt! 

Martin Uthaug, tlf. 975 38 679. Epost: martin.uthaug@idrettsforbundet.no

Bodil Ryste, tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no