COLOURBOX42199086.jpg

Klar for 2020

Møre og Romsdal Idrettskrets har lagt bak seg eit svært aktivt år med feiringa av 100-års-jubileet til kretsen som det store høgdepunktet.

Svært mange deltok på ein eller anna måte i markeringa. Spesielt var vi imponert over det arbeidet som vart lagt ned i idrettsråda. Kåringa av hundreårets idrettsutøvarar i alle kommunar ga mykje god refleksjon om kva samanheng dagens idrett står i. Tusen takk alle saman.

Og ei slik markering og mobilisering viser oss tydeleg kor stor kraft idretten har i alle lokalsamfunn i fylket vårt. For meg er det ikkje tvil om kva som er limet – og livet – i lokalsamfunna. Utan idretten og frivilligheita hadde vi vore fattige – pengane til tross.

I det vi går inn i 2020 er vi og klar over at dette skjer i eit farvatn med store utfordringar. Den aller største er å leve opp til norsk idretts store og innhaldsrike visjon: Idrettsglede for alle.

Ein slik visjon krev veldig mykje av oss alle. Vi skal ikkje berre skape idrettsglede for dei som har råd til å betale kostnadane med å delta, eller berre dei som blir køyrt til trening av eigne foreldre, eller berre dei som er unge, eller… Kort sagt, det er altomfattande. Då er det viktig at vi ikkje trur at kvar enkelt av oss skal gjere alt. Det viktige er at vi kvar og ein av oss gjer det vi kan for at flest mogleg skal få vere med i den fellesskapen idretten er.

Vi veit at store kostnadar med å drive idrett er mellom dei stengsla som hindrar mange frå å vere med i ungdomsidretten. Her vil vi utfordre kvart einaste idrettslag, kvart idretttsråd og kvar einaste kommune til å finne måtar å drive idretten på som hindrar dette klasseskilje. Norsk idrett kan ikkje leve med at vi blir ein aktivitet berre for dei rike.

Styret i Møre og Romsdal Idrettskrets vil aktivt delta i dette arbeidet i året som kjem. Mellom anna arbeider vi med ei ordning som skal gje lag direkte tilskot til å redusere kostnadane. Vi kjem og til å vere aktive overfor alle kommunar i fylket for å få til ordningar som reduserer økonomi som barriere for å delta i idrett.

Geografien i Møre og Romsdal er lik i 2020 som det har vore tidlegare, men inndelingane av kommunar og då og idrettsråd er endra. Dette betyr utfordringar med nye samarbeidsformer og i idretten. Dette arbeidet har pågått i heile 2019 og vi har blitt imponert over den emne til omstilling og samarbeid idrettsråda har vist. Vi ser verkeleg fram til å vere med på utviklinga av desse nye idrettsråda.

På vegner av Møre og Romsdal idretttskrets vil eg ynskje alle ei veldig fin nyttårsfeiring og ikkje minst eit veldig godt 2020.

 

Kåre Sæter

Leiar Møre og Romsdal Idrettskrets