Idrettslaget bør informere tydeleg på sine nettsider/informasjonskanalar om ordninga. Det vil seie kva midlane kan gå til, korleis ein søker og kven ein kan henvende seg til. Det er viktig å jobbe aktivt for at ordninga vert kjent blant både dagens medlemmar og dei som ynskjer å bli det.
Det er også viktig at alle grupper i fleiridrettslaget som organiserer aktivitet for barn og unge er kjent med ordninga, samt lagleiarar, trenarar, økonomiansvarlege og andre ressurspersonar i og rundt idrettslaget.
- Bruk nettsider/sosiale medium til å informere om ordninga
- Informer på årsmøte, gruppestyremøte, foreldremøte, samt andre aktuelle møteplassar og til aktuelle samarbeidpartar i lokalmiljøet
- Vurder plakatar/oppheng på idrettslaget sine aktivitetsområde
- Gi ekstra tydeleg informasjon til nøkkelpersonar som kasserar/økonomiansvarleg, barneidrettsansvarleg, gruppeleiarar, lagleiarar, trenarar og andre nøkkelpersonar/roller i idrettslaget
- Send informasjon gjennom idrettslaget sitt medlemssystem
- Ha informasjon om ordninga på faktura som idrettslaget sender ut