Skatt og meirverdiavgift for idretslag

Henta frå: Skattefrie organisasjoner - Skatteetaten 

  • I utgangspunktet er alle organisasjonar skattepliktige, men det finst unntak for stiftingar, lag og foreiningar, trussamfunn og i nokre tilfelle aksjeselskap og samvirkelag.
  • Felles for skattefrie organisasjonar er at dei driv utan økonomisk motiv. Det vil seie at dei ikkje har som mål å skape overskot og/eller gi økonomiske fordelar til eigarane eller medlemmene sine.
  • Ein skattefri organisasjon kan likevel ha økonomisk verksemd som den må betale skatt av. Har organisasjonen fleire føremål, er det hovudføremålet som avgjer om organisasjonen er skattefri eller ikkje.
  • Gjeld ikkje enkeltpersonføretak (ENK) og ansvarleg selskap (DA).

 

Skattefrie inntekter:

For at inntekta skal vere skattefri, må ho vere direkte knytt til å realisere organisasjonen sitt føremål utan økonomisk motiv.

For skattefrie organisasjonar er desse typane inntekter skattefrie:

  • Medlemskontingentar
  • Startkontingentar
  • Treningsavgifter
  • Billettinntekter ved sporadiske arrangement
  • Offentlege tilskot
  • Reine gåver og tilskot
  • Inntekt frå medlemsmøte (klubbkveldar, møte, tilstellingar osv.)
  • Inntekt frå enkeltståande, tilfeldige aktivitetar og arrangement (loppemarknad, kiosk i samband med arrangement osv.)
  • Sal av supporterutstyr

Organisasjonar med utelukkande skattefrie inntekter treng ikkje levere skattemelding.

Skattepliktig inntekt for skattefri organisasjon:

Ein skattefri organisasjon kan ha skattepliktige aktivitetar. Det er organisasjonen sjølv som har ansvar for å finne ut om den må betale skatt av inntektene frå desse aktivitetane.

Kva som er skattepliktig inntekt blir avgjort etter denne rekkefølgja:

  1. Er aktiviteten knytt til føremålet? Dersom organisasjonen har aktivitetar som ikkje er direkte knytt til hovudføremålet, kan det hende de må betale skatt av inntektene frå desse aktivitetane.
  2. Sal av varer og tenester som kan påverke den frie konkurransen i marknaden – som kurs, bøker, flyttetenester med meir.
  3. Utleige av eigedom – som klubbhus, idrettshall, garasjeanlegg, parkeringsplass, utleige av bygningar til dømes sommarhotell med meir.
  4. Sal av fast eigedom – som bygningar og tomter.
  5. Kapitalforvaltning – som utbyte (gevinst) frå aksjar og fond, skogsdrift med meir.

Kor ofte gjennomfører de aktiviteten? Dersom aktiviteten ikkje er direkte knytt til føremålet:

  • De må vurdere om aktiviteten har karakter av å vere eit enkeltståande arrangement, eller om det er ein stadig tilbakevendande aktivitet.
  • I utgangspunktet vil eitt eller nokre få enkeltståande arrangement, som bingo eller loppemarknad, ha eit så tilfeldig preg at det ikkje blir rekna som skattepliktig økonomisk verksemd.
  • Er aktiviteten stadig tilbakevendande, til dømes stadige flyttejobbar, vil det peike mot at det er skattepliktig økonomisk verksemd. Det same gjeld dersom de får oppdrag som følgje av aktiv marknadsføring.

Kor mykje tener de på aktiviteten? Dersom aktiviteten ikkje er direkte knytt til føremålet, og den kan karakteriserast som ein stadig tilbakevendande aktivitet, må de sjekke om de har ei brutto omsetning under eller over beløpsgrensa for skatteplikt:

Organisasjonar som er allmennyttige og veldedige (gjeld idrettslag) har ei grense på 140 000 kr:

  • Det må betalast skatt dersom samla brutto omsetning frå desse aktivitetane overstig 140 000 kr.
  • Skatt må betalast av heile nettoinntekta, og de har frådragsrett for kostnader de har hatt i samband med den skattepliktige inntekta.

Døme:

De leiger ut klubbhuset og har ei samla brutto omsetning (utleigeinntekt) på 150 000 kr, altså over 140 000 kr.
I same periode hadde de utgifter til løn, straum og vask i samband med utleiga på til saman 60 000 kr.

  • Inntekter: 150 000 kr
  • Utgifter: 60 000 kr
  • Skattepliktig nettoinntekt: 90 000 kr

 

Døme på skattepliktige inntekter for idrettslag:

  • Sal av juletre
  • Sal av fyrverkeri
  • Servering ved utleige av klubbhus
  • Generelt ei omsetning som konkurrerer med vanleg næringsliv. Unntaket er sal med kort varigheit, liten eller ingen inntening og overprising/karakter av gåve.

Må de betale formuesskatt? Dersom de har skattepliktige inntekter, må de betale formuesskatt av eigedelane eller eigedom som er knytt til den skattepliktige inntekta. Formue under 10 000 kr er skattefri.

Dersom de må betale skatt, må de også levere skattemelding, og den må leverast gjennom eit rekneskapssystem. Dersom de ikkje er skattepliktige, treng de ikkje levere skattemelding.

Henta frå: Merverdiavgift for veldedige og allmennyttige organisasjoner - Skatteetaten 

Reglane for meirverdiavgift er i hovudsak like for verksemder og organisasjonar.
Det finst likevel nokre unntak som gjeld for veldedige og allmennyttige organisasjonar.

Plikta til å registrere seg i meirverdiavgiftsregisteret og levere mva-melding oppstår når avgiftspliktig omsetning passerer 140 000 kr i eit løpande år (ikkje kalenderår).

Døme på avgiftspliktig omsetning:

  • Sponsorinntekter
  • Sal av juletre
  • Sal av fyrverkeri
  • Servering ved utleige av klubbhus
  • Generelt ei omsetning som konkurrerer med vanleg næringsliv. Unntaket er sal med kort varigheit, liten eller ingen inntening og overprising/karakter av gåve.

Les meir om avgiftspliktig omsetning og satsar for meirverdiavgift for veldedige og allmennyttige organisasjonar her: Merverdiavgiftssatser for veldedige og allmennyttige organisasjoner - Skatteetaten

Det skal ikkje reknast meirverdiavgift på faktura før organisasjonsleddet er registrert i meirverdiavgiftsregisteret i Brønnøysund.

Innmelding blir gjort ved innsending av samordna registermelding.