Pål Hafstad Thorsen, styreleiar, fortalte om korleis tidas U23-EM i friidrett på Fana Stadion fekk skaffa over 600 frivillige - midt i fellesferien!
Stian Grimseth, dagleg leiar, fortalte om korleis VM i vektløfting i Førde viste seg som den minste byen med det store hjartet. Mette Hammersland, marknads- og medieansvarleg, såg tilbake på ein sterk sesong for Brann, med seriemeisterskapet, publikumsrekord og siger over sjølvaste Manchester United.

f.v. Stian Grimseth og Pål Hafstad Thorsen

f.v. Mette Hammersland, Malene Joensen og Randi Marie Berntsen Farnes
Slike idrettshendingar handlar om meir enn resultat og prestasjonar. Dei samlar frivillige og publikum på tvers av bakgrunn, skapar fellesskap og samhald, og gir positive ringverknader lokalt, regionalt og nasjonalt.
Ingen av desse høgdepunkta hadde vore mogleg utan frivillige eldsjeler, eller utan støtte frå modige kommunar, fylkeskommune, stat og lokalt næringsliv.
At meisterskapa har gått med økonomisk overskot, viser kva som er mogleg når mange bidreg og dreg i same retning.
Frivillig innsats og idretten er ein viktig del av samfunnet vårt og beredskapen vår, som vi ikkje må ta for gitt. Så neste gong du møter ei eldsjel: Sjå dei. Sei takk. Og legg til rette for at engasjementet kan halde fram!

Tusen takk til fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies for eit godt Vestlandsmøte, og for at vi fekk bidra.
Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
Sjå óg Vestland fylkeskommune si oppsummering frå Vestlandsmøtet:
Vestlandsmøtet 2026: Vi må førebu oss på urolegare tider
Vestlandsmøtet 2026: Vi må førebu oss på urolegare tider