F.v. Kjersti Toppe (SP), Marit Østervold (IL Gneist), Trygve Slagsvold Vedum (SP) og Ronny Lockert (Vestland idrettskrets) Foto: idrettskretsen
F.v. Kjersti Toppe (SP), Marit Østervold (IL Gneist), Trygve Slagsvold Vedum (SP) og Ronny Lockert (Vestland idrettskrets) Foto: idrettskretsen

Vi treng eit anleggsløft for å kunne gi plass til alle som ynskjer å vere ein del av idretten

I dag fekk Senterpartiet med Trygve Slagsvold Vedum og Kjersti Toppe i spissen tydelege signal om at spelemiddelordninga er statens viktigaste verkemiddel for bygging av idrettsanlegg og at den treng justerast for å imøtekomme dagens og framtidas behov.

Vestland er fylket med størst etterslep og lengst ventetid på spelemidlar. Å bygge anlegg er risikosport for mange idrettslag som treng ein meir føreseieleg kvardag.

Takk til  Senterpartiet som lytta til oss og noterte flittig. Takk til Bergen kommune for flott tilrettelegging av møtet og omvising på Fana stadion, takk til IL Gneist som vert i nye Gneist Arena og takk til Fana IL, Idrettsrådet i Bergen og Vestland fylkeskommune for gode innspel.

Vi utfordrar andre parti til å komme på besøk til idretten og lære meir om behova i Vestlands største frivillige organisasjon! 

Møte med Senterpartiet 2025_4.jpg

Møte med Senterpartiet 2025_1.jpg

Møte med Senterpartiet 2025_3.jpg

Møte med Senterpartiet 2025_2.jpg

Foto: Vestland idrettskrets