Foto f.v. Maren Solem-Lygre og Synne Eide Bjørnebøle
Foto f.v. Maren Solem-Lygre og Synne Eide Bjørnebøle

Nytilsetjingar i idrettskretsen

Maren Solem-Lygre er tilsett som rekneskapsmedarbeidar i rekneskapsavdelinga til Vestland idrettskrets. Maren er for tida i foreldrepermisjon og i hennar fråvær har vi fått med oss Synne Eide Bjørnebøle i eit eittårig vikariat frå 18.august 2025.

Arbeidsoppgåvene omfattar rekneskapsføring og utvikling av gode økonomirutinar for idrettslaga i Vestland.

Synne har master i økonomi og administrasjon frå HVL og lang erfaring som profesjonell fotballspelar for Åsane. Maren har bachelor i økonomi og administrasjon, samt master i leiing frå Handelshøyskolen BI. Maren kjem frå rolla som dagleg leiar for Bergens Svømme Club og har lang erfaring frå idretten, både som utøvar, trenar, klubbrettleiar og leiar.

Vi er glade for å ha Synne og Maren med på laget og ønskjer begge velkommen til oss.