iLLUSTRASJON

Idrettspolitisk dialogmøte for særkretsar/regionar og idrettsråd

Vestland idrettskrets inviterer til dialogmøte med særkretsar/regionar og idrettsråd i fylket i samband med VM i vektløfting i Førde onsdag 8. oktober kl. 17.30-19.00.

Målsettinga med møtet er å ha ein gjennomgang av viktige idrettspolitiske saker, og diskutere oss fram til korleis desse best kan følgast opp i Vestland. Vi har tru på at vi gjennom god dialog kan bidra til at vi opptrer som ein samla idrettsbevegelse, og at idrettskretsen arbeider med utfordringar som òg andre organisasjonsledd i fylket er opptekne av. Dialogmøtet vil òg vere ein arena for erfaringsutveksling på tvers av organisasjonsledda samt informasjon frå idrettskretsen.

Sjå heile invitasjonen og meld deg på her