Julia Jordanger Loen i aksjon under VM i vektløfting i Førde 2025. Foto: Vestland idrettskrets
Julia Jordanger Loen i aksjon under VM i vektløfting i Førde 2025. Foto: Vestland idrettskrets

Frå allsidig trening i ungdommen til VM i vektløfting

Julia Jordanger Loen (23) frå Breimsbygda IL har nyleg løfta til nye norske rekordar i sitt første senior-VM i vektløfting i Førde. Idrettskretsen var ein av publikummarane i Førdehuset, og fekk ein prat med henne om idrettsbakgrunnen og skuleprosjektet "Ekte kraft".

Allsidig bakgrunn

- I barne- og ungdomsåra var aldri planen å satse på vektløfting, fortel Julia. Eg trente mykje, og i ungdomsåra kombinerte eg lenge både handball, fotball og friidrett. 

Julia var ein periode på krinslag i både fotball og friidrett. I friidrett var det særleg sprint ho satsa på, sjølv om friidrettsstatistikken viser at ho har konkurrert i både løp, hopp og kast! Styrketrening brukte Julia i starten mest for å utvikle seg i dei andre idrettane. Etter litt skadeproblem brukte ho etter kvart meir tid på den forma for trening.

Når vi spør Julia om ho i dag ville endra på den allsidige treninga i ungdommen, trekk ho fram både fysiske eigenskapar og det mentale som positive effektar frå kombinasjonen av fleire idrettar i ungdomsåra. Julia forklarar at blant anna sprint-trening i friidrett gav henne sterke eksplosive eigenskapar som ho no har nytte av i toppsatsinga på vektløfting. Ho trur også at ho kunne risikert å gå tidleg lei dersom ho hadde valt ein idrett mykje tidlegare.

Satsing bestemt på vidaregåande 

Det var først på vidaregåande at ho bestemte seg for å satse på vektløfting. Vegen dit var noko tilfeldig:

- Det var den lokale drivkrafta Ola Bergheim som drog meg med på ein lagkonkurranse. Dei trengte folk for å kunne stille lag, så då vart eg med. I 16-årsalderen var første gong eg trente målretta mot ein vektløftarkonkurranse (NM senior 2018).

Seinare har Julia har jobba jamt og målbevisst for å utvikle seg som vektløftar, og med på vegen har ho med seg fleire NM-gull og deltaking i internasjonale meisterskap i bagasjen. Like etter dei sterke prestasjonane på heimebane i Førdehuset kunne ho fortelje at neste målsetjing er U23-EM i slutten av oktober.

Ekte kraft

Parallellt med VM-satsinga har Julia leia skuleprosjektet "Ekte kraft". Her har ho saman med fleire andre instruktørar frå landslagsmiljøet i vektløfting, hjelpeinstruktørar frå idrettslinja på Firda vgs og Tambarskjelvar IL, samt Antidoping Norge reist rundt på ungdomsskular i Sogn og Fjordane med opplæring i løfteteknikk og styrketrening, samt førebyggande arbeid rundt kosthald og livsstil.

- Ekte kraft er eit folkehelseprosjekt, der vi har fått møtt mykje ungdom og blant anna snakka om og øvd på riktig styrketrening og løfteteknikk, forklarar Julia. 

Vestland idrettskrets takkar for praten og ynskjer Julia lukke til vidare med satsinga!