Oppfølgingssamling med kombinert digital og fysisk oppmøte. Kurslærar Eivind Holskar Hansen frå Vestland idrettskrets på skjermen til venstre, og leiar av idrettsrådet i Masfjorden, John Torsvik til høgre. Foto: Masfjorden idrettsråd
Oppfølgingssamling med kombinert digital og fysisk oppmøte. Kurslærar Eivind Holskar Hansen frå Vestland idrettskrets på skjermen til venstre, og leiar av idrettsrådet i Masfjorden, John Torsvik til høgre. Foto: Masfjorden idrettsråd

Engasjert ungdom i Masfjorden

12 ungdommar deltok på den avsluttande oppfølgingssamlinga på Leiarkurs for ungdom i Masfjorden denne veka.

Idrettsråda i Masfjorden og Gulen har siste tida hatt ekstra fokus på medverknad frå ungdom og å legge til rette for å inspirere dei til å ta ulike roller i idretten.

Denne veka vart del 2 av leiarkurs for ungdom gjennomført med kombinert fysisk og digitalt oppmøte. På denne samlinga presenterer ungdommane prosjekta dei planla på del 1 av kurset i vinter og korleis gjennomføringa har gått. Ungdommane blir utfordra på å dele både kva som har fungert godt og kva som kunne vore gjort annleis. Her kan du lese om leiarkurs del 1.   

På denne samlinga deltok også Emma Julie Dyrhovden (bilete under) med eit inspirerande innlegg om hennar reise frå ungdomsåra med idrett i Masfjorden og progresjonen vidare mot landslagsnivå. 

LFU del 2 Emma Masfjorden.jpg

Deltakarane blir også utfordra på å sjå framover i tid og korleis dei kan halde fram med å bidra aktivt i lokalsamfunnet gjennom idrettslaget eller idrettsrådet. 

Lokal modell og forankring

Leiarkurs for ungdom har denne gongen blitt gjennomført i tett samarbeid med idrettsråda i Masfjorden og Gulen. Hovudmålet med kurset er å styrke ungdommane sin kompetanse om idrettsorganisasjonen, planlegging og gjennomføring av prosjekt, og å trygge dei i rolla som tillitsvald, leiar, arrangør, trenar, dommar eller liknande. 

Vi takkar idrettsråda for samarbeidet, og leiar John Torsvik spesielt for god forankring og tilrettelegging lokalt. Ikkje minst takkar vi ungdommane for engasjementet og ynskjer dykk lukke til vidare!