Jagerfly-veteranen Dag Myhre rekrutterar neste generasjon flygarar i seilfly-simulatoren til Fornebu Flyklubb under Spillexpo 2025. Prøv dette i Grieghallen med Os Aeroklubb. Foto: Sturla Frøyland, NIF
Jagerfly-veteranen Dag Myhre rekrutterar neste generasjon flygarar i seilfly-simulatoren til Fornebu Flyklubb under Spillexpo 2025. Prøv dette i Grieghallen med Os Aeroklubb. Foto: Sturla Frøyland, NIF

E-sport og dataspeling i idretten

Har idrettslaget ditt tilbod om dataspeling og e-sportaktivitet til medlemmane i klubben? 20.-23. november skjer det mykje på denne fronten i Grieghallen som er verd å få med seg! Aktive Gamere-konferansen, eige møte for IL med dataspeling og e-sport, Idrettsstand på Play!Bergen og sist, men ikkje minst for første gong i Noreg: Komplett Indoor Triatlon-konkurranse i AdO Arena med våre beste utøvarar på startstreken.

Aktive Gamere-konferansen 21. november kl 10.00-15.15

Ein konferansen med fokus på e-sport og som knyttar dataspeling saman med helse og utdanning. På konferansen i år får vi blant anna informasjon om arbeidet med Trenarutdanning i e-sport, e-sport som utdanningsveg og korleis idrettsutøvarar kan bruke dataspeling og e-sport som verktøy i trening. Program og påmelding her: https://www.aktivegamere.no/kurs-og-arrangementer/aktive-gamere-konferansen-2025

 

Møte for idrettslag med tilbod om dataspeling og e-sport 21. november

Fredag 21. november inviterer Vestland idrettskrets alle idrettslag i fylket som har tilbod om dataspeling og e-sport til medlemmane sine, til møte i Grieghallen kl 17.00-18.30. Ein kan også delta digitalt. På møtet kjem representantar frå Aktive Gamere, Bergen kommune - Etat for idrett og E-sportforbundet, i tillegg til Vestland idrettskrets. Målet med dette møtet er å få vist fram og delt info om all den gode aktiviteten som skjer i idrettslaga, få løfta fram utfordringane de har, og ikkje minst sjå på kva vi kan hjelpe dykk med og kva de saman kan utrette. Påmelding til grethe.hillestad@idrettsforbundet.no tlf 419 00 122.

 

Play! Bergen – EXPO 21.-23. november

Under gaming-, e-sport og teknologifestivalen Play!Bergen skal vi ha ein eigen Idrettsstand. Her kan du blant anna prøve Os Aero Klubb sin flysimulator, sjå proffe syklistar konkurrere på swift og prøve racingstol med Kalandseid IL. Skating, rugby og basketball er andre idrettar som også blir mogeleg å prøve, og laurdag kl 19.00 blir finalen i Indoor Triatlon strømma frå AdO Arena til Idrettsstanden.

 

Indoor Triatlon i AdO Arena laurdag 22. november

For første gang blir det arrangert ein komplett Indoor Triatlon-konkurranse i Noreg der deltakarane blir vist som avatarar på storskjerm! Dette er sprintvarianten av Triatlon der heile konkurransen går føre seg i ein hall og publikum ser utøvarane hele tida 🙂 Bing Videos Konkurransen blir gjennomført i AdO-Arena laurdag 22. november med dei beste utøvarane i Noreg inkludert Casper Stornes, Gustav Iden og Kristian Blummenfelt. Finalen blir strømma til Idrettsstanden i Grieghallen kl 19.00