Startmøte

Ein kveld som set fart på idrettslaget!

Startmøtet er eit enkelt og effektivt møte idrettslaget kan gjennomføre for å bevisstgjere, kartlegge, lage handlingsplan for tiltak og sikre framdrift i arbeidet sitt.

Organisasjonshjulet

Målgruppe: 
Hovudstyre og undergrupper, foreldre, utøvarar og andre ressurspersonar samla. 

Innhald: 
Med utgangspunkt i dei seks områda aktivitet, anlegg, arrangement, leiing, organisasjon og trenarar, jobbar vi saman med dei frammøtte. Vi jobbar saman om:

- analyse av klubben sin ståstad
- prosess for å finne ønska situasjon
- utarbeiding av framdriftsplan for klubben sitt vidare arbeid

Organisering:
3-4 timar lokalt hos idrettslaget eller evt i lokala til idrettskretsen (Førde eller Bergen). Idrettskretsen sin veiledar leiar startmøtet. 

Vil du lære meir om korleis vi arbeidar? Sjå meir her.

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgjevar klubbutvikling

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag