Allidrett

Allidrett er eit allsidig tilbod i idrettslaget, der ein kombinerer tre eller fleire idrettar/aktivitetar i eit årshjul. Aktiviteten kan vere for barn og/eller ungdom.

Idrettskretsen rådgir idrettslag i å starte opp, utvikle og søke støtteordning til allidrettstilbodet. Les meir om allidrett på våre nettsider. 

Idrettskretsen kan kome på klubbesøk, hjelpe til med inspirasjonsøkter og kurs for å gi trenarane tips til aktivitetar og organisering av tilbodet. 

 

Idrettskretsen kan kome på eit digitalt eller fysisk klubbesøk, der vi møter dykk som vil vite meir om korleis ein kan organisere allidrettstilbodet i idrettslaget. Vi set av tid til spørsmål frå idrettslaget og idrettskretsen vil informere om kva allidrett er, Idrettsforbundet si støtteordning for allidrett, korleis de kan organisere tilbodet og få hjelp til å ta i bruk og setje opp årsplanar. 

Eit klubbesøk kan gjerne kombinerast med ei inspirasjonsøkt med tips til leikbaserte aktivitetar som kan passe inn i allidrettstilbodet (sjå under!). 

På ei inspirasjonsøkt vil de få tips til aktivitetar som kan passe til oppvarming, hovuddel og avslutning av ei leikbasert økt i barneidretten. Det er ei myte at ein "leikar for å leike", då slike økter er gjennomtenkt og påverkar grunnleggande rørsler, koordinative, fysiske (som t.d. uthald og hurtigheit), psykiske og sosiale eigenskapar.

På inspirasjonsøkta går ein også gjennom innhald frå idretten sine barnerettar, og snakkar om kvifor og korleis vi legg til rette for trygge rammer, vennskap, trivsel og meistring. 

Varigheit og innhald:

  • Innleiing barneidrettens verdigrunnlag: 30 - 45 min
  • Aktivitetsøkt: 1,5 time
  • Refleksjon og avslutning: 15 - 30 min 

Målgruppe:

Aktivitetsleiarar/trenarar for barn i alderen 6-12 år. 

 

Kurset Barneidrettstrenaren

Utfordrande atferd på trening (blir oppdatert)

 

 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag