27
Oct
2025

Styrekurs for idrettslag Stryn

Host: Stryn motorsportklubb og Vestland idrettskrets
Location: Stryn gatebilklubb, Perhusvegen 37, Stryn
Start: 27.10.2025 18:00
Stop: 27.10.2025 19:30

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, du får tips om gode verkty for drift av idrettslaget og eit overordna blikk på økonomi. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Målgruppe: Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag.
Dagleg leia og tilsette dersom klubben har ein administrasjon. Andre tillitsvalte som styret har delegert fullmakter og myndigheit til.

Tentativ tidsbruk:
1800-1845 - Lover og reglar
1845-1905 - Økonomi
1905-1930 - Drift
(t.d. fordele roller/oppgåver, gjennomføring av styremøte, tilgjengelege verktøy)

Kurset vil føregå i lokala til Gatebilklubben i Stryn (Perhusvegen 37)

Kurshaldar: Kristiane Brown

Pris: Gratis

Martin Uthaug
Martin Uthaug
Rådgjevar klubbutvikling