30
Jan
2026

Leiarkurs for ungdom 15-19 år, Bergen

Host: Vestland idrettskrets
Location: Bergen Montana Hostel, www.montana.no
Start: 30.01.2026 17:00
Stop: 01.02.2026 15:00
Deadline for signup: 08.01.2026 23:59    Link to signup

Leiarkurs for ungdom er eit kurs for deg mellom 15 - 19 år, som anten har eller ynskjer å ta eit større ansvar i eige idrettslag. Deltakarane får gjennom kurset kunnskap om kva det vil seie å vere ein frivillig ressurs i idretten, og ikkje minst bli motivert til å ønske og tørre å ta ansvar i eige idrettslag.

Dato: Fredag 30. januar - søndag 1. februar 2026

Tidspunkt: Oppstart fredag frå kl. 17.00. Avslutning søndag seinast kl. 15.00. 

Stad: Bergen, Bergen Montana Hostel

Tidspunkt for del 2 blir annonsert seinare. 

Viktig informasjon: 

  • Krav om 100 % oppmøte for å få kurset godkjent
  • Del 2 av kurset gjennomførast 3-6 mnd etter del 1. Alle blir automatisk påmeldt del 2. 
  • Ein viktig del av kurset er å utarbeide ein handlingsplan for eit tiltak/prosjekt som deltakar gjennomfører i eige idrettslag mellom kursets del 1 og del 2. På kursets del 2 legg deltakar fram erfaringar frå planlegging og gjennomføring av prosjektet. På grunn av prosjektarbeidet er det viktig at du har ein kontaktperson i idrettslaget ditt som kan følge deg opp undervegs. 

Pris og påmelding: 

  • Påmeldingsfrist torsdag 8. januar kl. 23.59
  • Pris kr. 1500. Prisen inkluderer overnatting, alle måltid og kursopplegg på del 1 og del 2. Vi legg opp til at idrettslaget ditt betalar kursavgifta. 
  • Det må vere minst 12 påmeldte deltakarar innan påmeldingsfristen for at kurset blir gjennomført. Øvre grense er 20 deltakarar. Maks 4 frå kvart idrettslag. 

Overnatting

Kursgjennomføring og overnatting er på Bergen Hostel Montana. Kursdeltakarar overnattar 3-4 personar på fleirsengsrom. Det er mogleg å delta utan å overnatte. Avtal dette på førehand. 

Innhald i kurset: 

I løpet av kurset vil deltakarane lære mykje om seg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis dei kan påverke sin eigen idrettskvardag. Deltakarane vil også auke nettverket sitt. På kurset jobbar ein med smarte mål og utarbeidar ein handlingsplan med tiltak dei skal gjennomføre. Det er derfor viktig å ha avtalt kven som kan vere kontaktperson og følge deg opp frå idrettslaget ditt. 

Kursinnhaldet på del 1 er slik: 

• Modul 1: Bli kjent
• Modul 2: Rollemodell
• Modul 3: Sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvkjensle
• Modul 4: Medlemmet i sentrum
• Modul 5: Du som ressurs
• Modul 6: Fra mål til handling
• Modul 7: Kommunikasjon
• Modul 8: Presentasjonsteknikk

Leiarkurs for ungdom del 2:

Alle deltakarane som er påmeldt del 1 blir automatisk påmeldt del 2. Denne samlinga gjennomfører vi digitalt, på kveld eller helg. Dato for samlinga blir avgjort seinare, men vil gjennomførast 3-4 månader etter kursets del 1. Del 2 er ei oppfølgingssamling, der deltakarane blant anna presenterer prosjektet dei har gjennomført. 

Kurshaldarar frå Vestland idrettskrets:
Eivind Holskar Hansen og Kristiane Utheim Brown. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag