Alle styremedlemane må ha ein brukar på Min Idrett
For at det skal vere mogleg for leiar å legge inn nye styremedlemar i KlubbAdmin, må alle ha laga ein profil på Min Idrett og verifisert seg med personnummer.
Oppdatere styre og leiing i KlubbAdmin
Det er idrettslaget sitt ansvar å sjå til at opplysningar i idretten sin database er oppdatert. Alle org.ledd i NIF sender ut viktig informasjon om tilskotsordningar osv. til dei kontaktane som ligg registrert på idrettslaget der. Dette må gjerast i KlubbAdmin under fana "Organisasjon".
Sende inn endringar til Brønnøysundregistrene
Leiar av idrettslaget må sende inn endringsmelding til Brønnøysundregistrene. Dette vert gjort i KlubbAdmin under fana «Brønnøysundregistrene».
Ein kan gjere dei same endringane i SportsAdmin, dei ulike systema oppdaterer kvarandre.
Oppdatere info og kontaktar på idrettslaget si nettside
Hugs å endre kontaktinfo dersom lagleiarar, styremedlemar og andre ressurspersonar har blitt bytta ut.
Styrekurs for idrettslag
Dersom det er mange nye styremedlemar, kan det vere nyttig å ta kurs i korleis styrearbeidet skal gjerast. Idrettskretsen kjem til idrettslaget og held kurset eller de kan melde dykk på eit av dei digitale kursa vi har på kalenderen. Her ser de meir informasjon om kurset og kurskalender.