Styremøta vert normalt leia av styreleiaren. Det er viktig at møteleiar stiller godt førebudd til møtet.
Du bør òg gje styremedlemmene høve til å førebu seg godt! Saklista bør vere klar i god tid, til dømes ei veke før styremøtet. Det er viktig at styremedlemmene får moglegheit til å kome med innspel til saklista.
Her finn de idrettsforbundet sitt forslag til innkalling.
Eit godt råd er å respektere kvarandre si tid og gjennomføre effektive møte. Eit styremøte bør difor ikkje vere eit «arbeidsmøte» der absolutt alle vert involverte i alle detaljar. Her er det nyttig å delegere ansvar.
Det skal førast protokoll frå styremøta, som kan distribuerast til dømes via heimesida, for å informere medlemmene om styret sitt arbeid og vedtak.
Vidare er det viktig at det vert skrive protokoll frå årsmøtet. Vi tilrår at protokollen vert utarbeidd etter same mal som innkallinga.
Du finn òg eit forslag til protokoll her.