Køyrereglar

Det er fornuftig å bli samde om nokre enkle og praktiske køyrereglar.

Bruk gjerne klubbhandboka som utgangspunkt – de finn ho i lenkja til høgre.

Uansett er dette fornuftige ting å diskutere:

  • Kor ofte skal vi ha styremøte? Lag gjerne ein møteplan med datoar så snart som mogleg.
  • Når skal innkalling til styremøte vere tilgjengeleg? (Til dømes ei veke i forkant.)
  • Forma på styremøta: Korleis ønskjer vi at styremøta våre skal vere? Varigheit og innhald.
  • Gå gjennom stemmereglane: Viktig å hugse at alle i styret har likt tal stemmer, men ved stemmelikskap har møteleiar dobbeltstemme.
  • Informer om teieplikt knytt til styret sitt indre arbeid.
  • Protokoll: Kven skal skrive, og korleis skal ho godkjennast?
  • Protokoll: Korleis skal vi offentleggjere ho?
  • Kven er styret sin talsperson? Vanlegvis er dette styreleiaren.